Hopp til innhold

15-åring la seg til å sove i framandt hus

Ei kvinne vakna opp tidleg laurdags morgon av at det var ukjende folk i huset. Då ho gjekk for å undersøkja, fann ho ein 15-åring som låg og sov.

Politi

(Illustrasjonsfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Mora til guten vart kontakta, og han vart sett på bussen dit han budde, seier Wenche Hope, operasjonsleiar i politiet.

Politiet fekk melding om dette klokka 05.40, og tok hand om den fulle guten.

Det var bli-kjend-fest i Førde i går kveld, og mange av hendingane er truleg i samband med denne festen. Heile seks gonger måtte politiet rykka ut i Førde i natt.

Først klokka 19.45 vart det avdekka to tilfeller av vidaresal av sprit til personar under 20 år. Begge hendingane vil bli meld til politiet.

Litt før klokka 23.30 var ein mann i 30-åra pågripen, mistenkt for promillekøyring i Førde. Sak blir oppretta.

Politiet måtte fleire gonger til ein utestad i sentrum der dei måtte skilja nokre ungdomar. Lovens lange arm måtte til slitt køyre heim eit par av dei. Ein 19-åring enda også opp i fyllearresten litt før klokka 02.00.

– Det hadde vore greitt om foreldra følgjer litt med, og gjerne tilbyr å henta ungdomane. Dette med ungdomsfyll og mindreårig drikking er ikkje berre eit mai-fenomen, seier Hope.