Hopp til innhold

Dei tilbyr ein litt annleis handel

Tre pensjonistar og ein “ungdom” på 25 kan i desse dagar tilby deg ei litt anna handleoppleving. Veteranbåten “Atløy” er no på rundreise i fjordane.

"Atløy"
Foto: privat

– Vi er på tur og sel alt frå eple, brosme, klippfisk og poteter, fortel maskinist om bord, Leif Kvalvik, til NRK.no.

Då NRK snakka med han fredag er karane på veg til Lærdal der dei skal laste om bord 11 tonn med poteter, 600 kilo gulrøter og 600 kilo kålrabi. Dette skal dei så selje på forskjellige stoggestadar langs fjorden.

– Det er slik vi gjorde det på gamlemåten, vi stoggar og sel varene på mange plassar, seier Kvalvik.

Tener pengar til restaurering

Den såkalla Fjordaferda har blitt ein tradisjon for den gamle veteranbåten. MS Atløy vart bygd i 1931 og gjekk heilt fram til 1974 i trafikk som fjordabåt. Deretter hadde den nokre år på Møre, og ei stund var det like før den hamna på engelske hender, fortel Kvalvik.

Men så kom båten heim att. Sidan byrjinga på 1980-talet har ein gjeng med eldsjeler jobba med å restaurere båten, eit arbeid som dei framleis held på med.

– Vi er ikkje ferdige enno, seier Kvalvik om båten han har eit kjært forhold til.

Lasterommet i "MS Atløy"

LASTEROMMET: Her blir varene lagra på turen.

Foto: privat

Turane med fisk, frukt og grønsaker inn og ut fjordane er blitt ein tradisjon dei siste åra. Slik får eldsjelene både vist fram båten, men også tent nokre kroner til det krevjande restaureringsarbeidet. Om bord i år er Kvalvik på 69 saman med to andre på over 70. Og ein “ungdom på 25” som Kvalvik seier.

– Det er utruleg kjekt. Vi treffer mykje kjentfolk og vi sel bra med varer, fortel Kvalvik.

– Mykje mimring

For sjølv om mange kanskje aller helst går på butikken for å handle både poteter og bær, så er det mange som nyttar seg av butikken som kjem sjøvegen.

– Folk står på kaia og ventar på oss, og dei ringer og bestiller varer på førehand, forklarar Kvalvik.

Han fortel at det er mest eldre folk som handlar, og at det er mange som har tette band til handleopplevinga om bord.

– Det er litt preiking og mykje mimring, vedgår maskinisten på MS Atløy.

– Der er det 100 prosent oppmøte

Etter opplastinga i Lærdal fredag går turen vidare til mellom anna Frønningen, Fimreite, Brekke, Mjømna, Hardbakke og Værlandet.

Kvalvik gler seg til å møte att kjende og ukjende.

– Det er mest folk på dei minste plassane. Større stader som Sogndal og Høyanger har vi slutta å gå til.

– Det er meir folk på plassar som til dømes Fimreite og Undredal. På Finden er det 100 prosent frammøte, der er det ein mann, ler han.