Hopp til innhold

Må i fengsel etter fuktig køyretur

Sognekvinna vart stogga med 1,59 i promille ei natt i mai. No kan ho vente seg eit opphald bak murane.

Kvinna vart stogga av politiet i Bergen natt til laurdag ei helg i mai i år. Sjølv om ho hadde drukke alkohol valde ho å sette seg bak rattet, men då kvinna vart hanka inn av politipatruljen fekk turen ein brå slutt.

Kvinna vart teken med til blodprøvetaking, og prøva som vart teken vel ein time etter at ho vart stogga viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,59 i promille. Då saka gjekk for Sogn tingrett vedgjekk kvinna at ho hadde køyrt bil i rusa tilstand.

Det er vanleg at personar som køyrer bil med promille over 1,2 i promille blir straffa med bot og fengsel. Minstestraffa er på 14 dagar fengsel og ei bot som svarar til 1,5 gonger månadslønna.

Retten finn det skjerpande at kvinna skal ha køyrt ei lengre strekning før ho vart stogga av politiet. I dommen står det at ho kunne ha fortsett om ho ikkje hadde blitt kontrollert.

Etter ei samla vurdering har retten kome fram til at kvinna må sone 18 dagar i fengsel etter den fuktige køyreturen. Retten har teke omsyn til at kvinna har ein vanskeleg økonomi og har bestemt at kvinna må betale 33.000 kroner i bot.

Kvinna må også vere utan førarkort i to år frå då ho mista førarkortet i mai.