Hopp til innhold

Meir skimmingsvindel enn før

Både lokale bankar og lokalt politi ser tendensane til at skimmingsvindel blir meir vanleg i distrikta. Folk blir difor oppmoda om å vere meir forsiktige.

Minibank

MEIR ENN FØR: Både lokale bankar og lokalt politi ser tendensen til at det blir meir skimmingsvindel på våre kantar. Både minibankar og andre typar betalingsautomatar kan få montert på såkalla skimmingutstyr.

Foto: Tom Andersen / NRK

Såkalla skimmingutstyr kopierer informasjonen på bankkortet ditt og seinare vil bakmennene prøve å tappe kortet for pengar. Utstyret kan vere umogleg å oppdage når det er montert opp på forskjellige betalingsterminalar, og mange går i fella.

Berre dei siste vekene har nær 20 personar i Sogn og Fjordane blitt utsette for svindel etter at slikt utstyr har blitt montert på bensinstasjonar i Vadheim og Gaupne.

– Vi har sett at kjeltringane som driv med dette har flytta seg litt frå det sentrale Austlandet og over på Vestlandet, seier Signe Grotle i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Fleire svindla dei siste vekene

Politiet i fylket etterforskar no tilfelle av såkalla skimmingsvindel. Med berre nokre dagar mellomrom har kundar på bensinstasjonar i Vadheim og Gaupne fått bankkora sine kopierte og, seinare har korta blitt tappa. I Gaupne er det minst 18 korteigarar som fekk korta sine tappa for over 100.000 kroner.

Grotle forklarar at svindelen skjer når informasjonen på kortet blir kopiert. Denne informasjonen blir ofte selt vidare til kjeltringar i for eksempel Asia og USA, der ein kan tappe kortet for pengar.

Grunnen til at det er i utlandet at kjeltringane må tappe pengar, er at det er sjølve magnetstripa dei har kopiert. I Norge og resten av Europa er denne magnetstripa ikkje lenger i bruk, her brukar ein no chipen.

Ein enkel måte å sikre seg mot såkalla skimmingsvindel er difor å nytte seg av regionsperra. Frå nettbanken kan folk lett bestemme kor det skal vere mogleg å bruke kortet. Til dømes kan ein sperre kortet i heile verda, med unntak av Norge eller nabolanda i Europa.

Ser meir skimmingsvindel på våre kantar

Signe Grotle arbeider ved den avdelinga i Sparebanken Sogn og Fjordane som har med slik kortsvindel å gjere. Ho seier dei i det siste har registrert at skimmingsvindel har blitt meir vanleg også på våre kantar.

– Tidlegare har dei halde seg på Austlandet, vi har ikkje sett noko til dei her. Men no har vi sett dei meir i Bergen og vi har også sett dei i Sogn tidlegare, seier ho til NRK.no.

– Og så har vi desse nye tilfella no i Vadheim og Gaupne, seier Grotle.

Ho seier dei har stadig fleire saker der kundar opplever at korta blir kopierte og seinare forsøkt misbrukt. Heldigvis blir kjeltringane i dei aller fleste tilfella stogga av regionsperra.

– I Vadheim var det berre eitt misbruk blant ti forsøk på våre kundar. Dei har hatt på regionsperre, og då har den stoppa svindelen, seier Grotle.

(Artikkelen held fram under biletet)

Distrikta kan verke freistande

Også lokalt politi ser tendensane til at dei som står bak denne typen svindel no i større grad opererer i distrikta. Her er det kanskje ikkje like mykje aktivitet rundt betalingsterminalane, og det kan vere mindre bruk av overvakingskamera. Både i Gaupne og Vadheim jobbar politiet no for å finne ut meir om skimmingsvindelen.

– I Gaupne er det ein ubetjent stasjon i helgane. Det er kanskje litt enklare å operere på mindre plassar enn i sentrale strøk, der det gjerne er døgnbemanna stasjonar og meir trafikk, seier politiførstebetjent ved Gaupne lensmannskontor, Svein Inge Harberg, til NRK.no.

Sjølv om politiet førebels ikkje kan seie sikker at det er samanheng mellom dei to sakene, ser politiet i både Høyanger og Gaupne fellestrekk.

– Det er grunn til å tru at det er nokon som reiser rundt, og at dette ikkje er lokale folk, seier Harberg til NRK.no og får støtte av lensmannen i Høyanger.

– For tidleg å seie om mønsteret er endra

Politibetjent Frode Malt ved Bergen sentrum politistasjon har etterforska liknande saker i Bergensområdet og fortel at det for kort tid sidan var to skimmingsaker i Lindås.

Han seier at det går lenge mellom kvar gong ein har slike saker på Vestlandet, men at det likevel ikkje er noko uvanleg.

– Men vi har vore mindre plaga. Den siste månaden har vi hatt fleire saker på Vestlandet. Det er truleg ein samanheng, men vi kan ikkje konkludere med det enno, seier Malt til NRK.no.

– Vi ser frå tid til annan at dei bevega seg også på denne kanten av landet, men det er for tidleg å seie om det er noko endring i mønsteret deira, held han fram.

Oppmodar folk til å ha auga opne

Sjølv om det ikkje går an å seie noko sikkert om distrikta no kjem til å bli meir utsette for denne typen svindelen ser politiet grunn til å oppmode folk til å vere forsiktige.

– Folk bør vere obs og sjå om dei ser noko unormalt med terminalen. Om terminalen ser annleis ut enn den pleier for eksempel, seier Malt til NRK.no.

Utstyret som var montert opp på bensinstasjonane i Vadheim og Gaupne var borte vekk då politiet fekk vite om kva som hadde skjedd. I Gaupne var det berre spor etter nokre lim eller taperestar. Politiet veit ingenting om korleis utstyret har sett ut.

– Det er grunn til å gjere folk merksame på at slikt skjer, også her hos oss. Viss folk ser mistenkelege ting knytt til automatane så må dei varsle politiet og eventuelt dei som eig automaten så raskt som mogleg, seier lensmann Atle Førde til NRK.no.