Hopp til innhold

Gaular-bedrift gjer det stort ute

Gaular-verksemda Maritime Montering tener gode pengar på skipsinnreiing i utlandet.

Maritime Montering på Bjørvikstranda i Gaular

LOKALE: Frå Maritime Montering sine lokale på Bjørvikstranda i Gaular, har verksemda tent gode pengar i det store utland.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I fjor omsette Maritime Montering for ein halv milliard kroner, medan driftsresultatet stogga på nær 20 millionar kroner. Nær ei dobling i høve til 2009.

Verksemda produserer og leverer skipsinnreiing, men tek også på seg innreiingsprosjekt og leverer alt frå prosjektering til montering og ferdigstilling av innreiing.

– Vi har gjort ein del endringar i drift og organisasjon siste åra, og det gjer at vi får betydeleg betre resultatgrad, seier administrerande direktør Anders Lien.

Har omorganisert

Verksemda såg dagens lys på vesle Bjørvikstranda i 1981, men då det ikkje lenger var nok oppdrag i Norge, valde selskapet i staden å gje full gass i utlandet.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Nøkkeltal Maritime Montering (i tusen kroner)

 

2011

2010

2009

2008

2007

Omsetnad

5 005,59

4 603,96

1 483,10

1 830,30

1 620,73

Driftsinntekter

230.257

244.010

241.746

265.393

241.489

Resultat før skatt

19.361

17.761

10.005

12.058

36

Lien forklarar gode tal med omorganisering, auka arbeidsstab i utlandet og færre i Norge. Dei har sett på innkjøpsrutinar, vareforbruk og driftskostnader. Summen av dette blir gode plusstal i rekneskapen.

– Det vart eit minkande marknad i Norge dei seinare åra. For å halde oppe aktiviteten har vi måtte sett mot utlandet, seier Lien.

Vurderer Kina

I dag har dei verksemder i Polen, Romania, Vietnam og India, i tillegg til underavdelingar i andre land. Frå lokala sine på Bjørvikstranda har Maritime Montering også administrert ei lang rekkje oppdrag i Kina.

Og no vurderer dei å starte opp også i verdas mest folkerike land.

– Dersom vi no klarer å auke omsetnaden i Kina, så vil det å etablere eit selskap der vere ein tanke, seier Lien.