Hopp til innhold

Truck hamna i sjøen under lasting

Ein mann i 20-åra kom heilskinna frå det då trucken han førte hamna i sjøen under lasting av ein båt i Florø.

Politiet opplyser at båten skal ha sklidd frå køyrebrua, medan trucken stod på brua. Det er førebels uvisst kvifor uhellet skjedde i 0245.

Trucken fall i sjøen mellom båten og kaien.

– Føraren oppfatta situasjonen og klarte å komme seg i sikkerheit før trucken hamna i sjøen, får NRK.no opplyst hos politiet.

Brannvesenet og politi rykka ut til arbeidsuhellet. Mannen i 20-åra vart ikkje skadd i uhellet, men brannvesenet har lagt ut lenser for å hindre forureining frå trucken.

Det blir no arbeidd med å få heva trucken frå sjøen. Arbeidsuhellet blir vidare etterforska ved Flora politistasjon. Arbeidstilsynet blir rutinemessig kontakta.