Hopp til innhold

«Bystien» eller «Hafstadkleiva»?

Det er alternativa bystyret i Førde har når dei skal bestemma det endelege namnet på den bratte vegen frå sentrum til Hafstadfjellet.

Bystien i Førde
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Den saka skal bystyret bestemma. Det fordi at saka har skapt so mykje engasjement, so då er det viktig at det øvste folkestyrte organet i Førde får sitt å seia i denne saka, seier ordførar i Førde, Olve Grotle.

Torsdag var namnevalet oppe til behandling i formannskapet i Førde, men dei gav ikkje eit eintydig råd til bystyret sjølv om eit knapt fleirtal gjekk for namnet Hafstadkleiva.

  • KVA MEINER DU OM NAMNA? SEI DI MEINING I KOMMENTARFELTET OG STEM HER

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stien har stort sett gått under namnet Bystien, som eigentleg berre var arbeidsnamnet på trappene og vegen som tek deg frå Førde sentrum og opp på det over 700 meter høge Hafstadfjellet.

Men mange har også kritisert dette arbeidsnamnet, og meint at det blir feil å kalla dei ein sti.

– Dei to namna, «Hafstadkleiva» og «Bystien», fekk høvesvis fem og fire stemmer i formannskapet torsdag. «Bystien» er på mange måtar innarbeidd, og mange meiner det har ei forankring med at den byrjar i sentrum.

– Når det gjeld «Hafstadkleiva» so har enkelte peika på at det er meir geografisk korrekt. Både fordi at vegen ligg på Hafstadfjellet og at det er betre å kalla det ei kleiv i staden for ein vanleg sti.

Valet skal opp til bystyret neste veke, og då skal dei koma med sitt framlegg. Endeleg bestemt blir det heller ikkje då, fordi etter at bystyret har kome med framlegget, skal det eine forslaget behandlast hjå namnekonsulentar. Det endelege valet kan ein ikkje ta før dei har sagt sitt.

– Eg kan heller ikkje utelukka at det kjem opp andre namn i bystyret, men førebels so er det desse to namna det står mellom, seier Grotle.

Førde har fått sin eigen bysti. Frå sentrum går dei bratte bakkane rett opp, og den er alt blitt veldig populær sjølv om den enno ikkje er ferdig.

Bystien i Førde