Hopp til innhold

Slik skal Kvivsvegen opnast

Laurdag skjer ein av dei verkeleg store hendingane innanfor samferdsle på Vestlandet dei siste åra. Den mykje omtala E39 Kvivsvegen mellom Nordfjord og Søre Sunnmøre, er endeleg open for trafikk.

Det blir ikkje spart på noko på laurdag når Kvivsvegen opnar. Det blir både korpsmusikk, talar, kulturinnslag og kortesje med veteranbilar og bussar.

Når kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete klypper snora laurdag klokka 12, vil det opna mange dører for 60 000 personar i Nordfjord og på Søre Sunnmøre.

Den offisielle opninga går føre seg klokka 12 ved fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, om lag midt inne i den 6,5 kilometer lange Kvivstunnelen.

Og slik ser festprogrammet ut:

  • 12.00: Velkommen ved ordførarane Arild Iversen frå Volda og Anne-Britt Øen Nygård frå Hornindal
  • Tale ved regionvegsjef Berit Brendskag Lied, Region midt og regionvegsjef Helge Eidsnes, Region vest
  • Kulturinnslag frå Volda og Hornindal kommunar
  • Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete opnar Kvivsvegen
  • Kl. 13.00: Kortesje frå opningsstaden med veteranbilar
    og bussar til Fyrde. Retur til Kalvatn, Lødemel, Grodås og Loen.
Ein heil region ser fram til opninga av Kvivsvegen.
Vegen opnar ein heilt ny bu- og arbeidsregion for mange tusen menneske.

Kvivsvegen bitt 60000 menneske saman