Hopp til innhold

Møblar laga i Vik fengsel skal på utstilling i London

Stolar frå Stryn, lamper frå Dale og møblar laga av innsette i Vik fengsel skal snart stillast ut i London.

SAMAN/LÅST

Det er på utstillinga «100 % Norway» at møblane frå strynebedrifta Tonning, lampene frå Transplant i Dale og møblar produsert av innsette i Vik fengsel, skal synast fram på London Design Festival.

I dag, torsdag 20. september, reiser over 30 norske designarar til London for å delta på festivalen.

Shroom

DESIGNLAMPE: Shroom frå Dale.

– Dette blir den sterkaste norske utstillinga på London Design Festival nokon sinne, seier Jan R. Stavik, administrerande direktør i Norsk Designråd.

"Shroom", ein serie med utandørslamper frå Dale, er venta å stela mykje merksemd i London. Serien er utvikla etter ein brukardrive innovasjonsprosess som har inkludert innbyggjarane i Fjaler.

Lampene er laga spesielt med tanke på norske byar og bygder, og blir rekna for å vera veldig nyskapande.

Morten Skjærpe Knarrum

DESIGNAR: Morten Skjærpe Knarrum

Foto: John Hughes

Morten Skjærpe Knarrum er eit av designtalenta som reiser til London for å felta på messa. Med møbelserien «SAMAN/LÅST», som er tilrettelagt for produksjon i norske fengsel, har han allereie vunne prisar i Norge.

Prototypen han skal syna fram er laga av innsette ved Vik Fengsel.