Hopp til innhold

Slik unngår du kortsvindel

Går du med ein liten klump i halsen kvar gong du skal bruke kortet til å betala med fordi du veit det finst kortsvindlarar, sokalla «skimming»? Det finst ein ganske enkel måte å sleppa den ekle kjensla.

Minibank

SVINDEL: Kortsvindel, eller skimming, kan hindrast ved enkle grep. (illustrasjonsfoto)

Foto: Tom Andersen / NRK

I løpet av dei siste vekene har nær 30 personar blitt forsøkt svindla på bensinstasjonar i fylket. I Gaupne dreier det seg om over 100 000 kroner som er blitt tappa frå korta til 18 korteigarar.

Men det skal relativt enkle grep til for å dramatisk minska sjansen for at kjeltringane lukkast med å utnytta nettopp ditt kort.

Regionsperre

– Om ein brukar regionsperre på kortet, so minskar risikoen for å bli utsett for kortsvindel, seier Signe Grotle i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Regionsperre er noko som er tilgjengeleg i nettbanken, der kunden går inn og vel kva region kortet skal vere sperra i. Ein til dømes sperra kortet i heile verda, bortsett frå i Norge.

Då vil dei fleste svindlarar ikkje klara å utnytta kortinformasjonen din, sjølv om dei har kopiert den.

– Om dei skal på ferie kan dei berre gå inn i nettbanken og oppheve sperringa for området dei skal feriere i, seier Grotle.

Eitt vellukka misbruk av ti forsøk

– Veldig ofte er det folk som stel informasjonen her i Norge, for so å selja den vidare til andre i til dømes USA eller Asia, seier Grotle.

Lensmannskontoret i Gaupne fekk onsdag melding om at minst 18 personar var blitt svindla sist laurdag. Og ni eller ti personar vart svindla i Vadheim nokre dagar tidlegare.

– Det er grunn til å tru at dette er folk som reiser rundt og at det ikkje er lokale folk, sa politiførstebetjent ved Gaupne lensmannskontor til NRK tidlegare i dag.

Signe Grotle

– ENKLE GREP: Signe Grotle, avdelingsleiar kortsvindel, Sparebanken Sogn og Fjordane, seier det er enkle grep som kan hindra kortsvindel.

Foto: Anna Gytri / NRK

Men om folk brukar regionsperra aktivt, gjer dei livet mykje surare for kjeltringane.

– I Vadheim var det berre eitt misbruk blant ti forsøk på våre kundar. Dei har hatt på regionsperre, og då har den stoppa svindelen, seier Grotle.

– Etter me fekk løysinga med regionsperre, so har skimmingproblema gått ned.

Regionsperra blir enkelt brukt i nettbanken, men om du ikkje har nettbank, kan banken hjelpa deg med regionsperre om du tek kontakt med dei.