Hopp til innhold

Pris til tsunami-forskar

Då Stein Bondevik tok til å forska på tsunamiar var det knapt nokon som visste kva ein tsunami var. I dag fekk han Høgskulen i Sogn og Fjordane sin forskings og utviklingspris for nettopp dette arbeidet.

Visedirektør for FOU ved HISF, Erik Kyrkjebø (t.v) og prisvinnar Stein Bondevik.

Visedirektør for FOU ved HISF, Erik Kyrkjebø (t.v) overrekte Stein Bondevik prisen under ein tilstelning på sentraltbygget ved høgskulen.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Då eg begynte å studera på tsunamiar var det nesten ingen som hadde høyrt om det. Eg hadde knapt høyrt om fenomenet sjølv før eg begynte å interessera meg for det. No er det slik at eg kan få inn i ein femteklasse og fortelja at eg jobbar med tsunamiar og alle seier «wow! Det er tøft».

Internasjonalt nettverk

Bondevik fekk prisen for det store, internasjonale nettverket han har vore med og utvikla, for å vere ein engasjerande førelesar både i førelesingssalane og ute i

naturen og for å ha vore mykje nytta av media. Spesielt i samband med flodbølgja i Japan i 2001 og den store tsunamien som tok over 200.000 menneskeliv rundt det indiske hav i 2004.

- Før den datoen, 2. juledag i 2004, datoen lurte folk på kva eg rota på med. Dei tenkte på det som eit stillehavsfenomen og lurte på om eg ikkje kunne forska på snø eller noko anna som gjeld oss her i Norge. Så det viser kor viktig grunnforskinga er. Me aldri kan vita kva sikkert slags forsking som blir interessant om ti eller 20 år, seier Bondevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Stein Bondevik med skredforskingsutstyr på Anestølen
Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Jobbar med varsling

Bondevik fullførte doktorgrada si ved Universitetet i Bergen i 1996 og er i dag professor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane med geofarer og klimaendringar som arbeidsfelt. Han er den mest siterte forskaren ved høgskulen, og forskar for tida på jordskred for å finne korleis dei kan varslast før dei går.

- Eg har vel kanskje vore med og sett saman puslespelet rundt tsumaniar. At alle no er interesserte i fagfeltet hjelper på. Det er lettare å få inn publikasjonar i store, anerkjende tidsskrift når mange er interessert i det det same og du har noko å koma med, seier Bondevik.

Gamle tsunamiar

- Det viktigaste eg har bidrege til er å finne ut korleis du skal identifisere gamle tsunamiar, og det er viktig for å finne ut kor ofte dei skjer. Det blir det brukt store ressursar på internasjonalt, spesielt etter den store tsunamien i Japan som ingen forutsåg, seier Bondevik.

- Og no forskar du til og med på tsunamiar inne i fjordane?

- Me har jo hatt flodbølgjer her mange gonger, og no har me lært at det er ting som rører seg rundt oss og at store fjellskred kan gå i fjorden. Då må me vere på vakt, seier Bondevik.

Vart skulepensum

Forskinga til Bondevik er no pensum i både grunnskule og vidaregåande skule. Sjølv om fagområdet hans får stadig meir interesse, gløymer han ikkje kor sært og spesielt dette var då han først begynte å interessere seg for det.

- Etter hovudfaget mitt i geologi så jobba eg med endringar i havnivået. Då fann me eit fenomen me ikkje forstod heilt. Me såg spor i terrenget og avsetningar i innsjøar langsmed kysten som vitna om at det hadde skjedd noko veldig dramatisk i den eldre steinalderen. Me jobba lenge før me kom opp med teorien om at det hadde vore ein stor tsunami langs norgeskysten. Det var etter det at det tok av for min del, for då hadde me forstått noko.

Prisen er på 50.000 kroner som kan brukast på faglege reiser, deltaking i internasjonale konferansar eller til forskingsformidling.