- Bokbyane var inviterte til bokfestivalen og utdelinga av den felles-asiatiske bokprisen Paju Book Award, der vi var med på eit omfattande program og hadde vår eigen informasjonsstand, seier dagleg leiar i Den norske bokbyen i Fjærland, Eivind Ødegård.
300.000 gjester
Den koreanske bokbyen er av eit ganske anna format enn dei her heime. Arrangøren venta mellom 100.000 og 300.000 gjester, og bokprisen, som vart delt ut for første gong i år, drog publikum frå fleire asiatiske land. Bokbyen i Paju er eit stort kompleks med over 200 forlag, mange trykkeri, bokbinderi, bokkunstnarar og kring 100 bokhandlar.
Under festivalen var fleire store utstillingar, mellom anna over det koreanske skriftspråket hangul, ei utstilling med australske barnebøker, og prisvinnande bøker frå fleire tidsepokar. Til liks med boknatti i Fjærland er det òg mange som kjem og sel bøker og andre varer i salstelt, men i langt større mengder enn Fjærland.
- Imponerande
- Det er særs imponerande å sjå kva Paju har fått til. Den koreanske bokbyen har vore planlagt sidan åttitalet, og er no ein retteleg by som er bygd opp rundt bokverksemd. Dei har nett vorte medlemmer i IOB, den internasjonale bokbyorganisasjonen, og markerte det ved å invitere alle andre medlemmer av IOB, fortel Ødegård.