Hopp til innhold

Vil etablere nytt kloster på Selja

Det store katolske klosteret Fontgombault i Frankrike vurderer å opne kloster på segnomsuste Selja.

Selje kloster

RUINAR: Berre ruinar står att etter klosterlivet på Selja. No skal det franske klosteret Fontgombault ta stilling til invitasjonen frå Den katolske kyrkja om å etablere seg på Selja.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Kateket i St. Paul kyrkje i Bergen, Ragnhild Aadland Høen, seier til Sunnmørsposten at dei alltid har hatt lyst til å ha eit kloster på Selja.

I haust reiser biskop for Sør-Norge, Bernt Eidsvig, til Frankrike for å leggje fram ein offisiell invitasjon for det populære benediktinarklosteret.

– Dette er Norges einaste heilage øy. Det er der kyrkja i Norge vart fødd. Og det er einaste stad der det står ruinar av eit benediktarkloster i dag. Det er dermed heilt naturleg å tenkje at ein skal legge eit benediktarkloster til Selja, seier ho til avisa.

Uvisst om og når

Det må minst seks munkar til for at klosteret skal bli etablert, men Aadland Høen seier det er ein lang veg fram mot eit eventuelt kloster. Kateketen seier planane så langt har fått eit «kanskje».

– Og ein ønskjer også at der skal vere norske menn. Det skal ikkje bli nokon fransk satellitt. Om og i tilfelle når det vert nytt kloster på Selja, er det vanskeleg å seie, seier ho til avisa.

Onsdag vart formannskapet i Selje orientert om klosterplanane.

– Har musklar

Ordførar Ottar Nygård seier til NRK.no at han gjerne ser at det på nytt blir kloster på Selja. For det er ikkje første gong at det er planer om å få til nytt klosterliv på øya. Den katolske kyrkja engasjerte seg etter at den ortodokse kyrkja gav beskjed om at dei ikkje lenger var aktuelle.

Og han trur sjansane er vesentleg meir realistiske no, enn tidlegare. I dag er det berre ruinane som står att etter livet på Selje kloster.

– Dette er ein munkeorden som har meir økonomiske musklar og behov for den slik type kloster, seier han.

Byggjer nytt

Nygård trur eit nytt kloster vil få stor betydning både for Selja og turistlivet i kommunen.

Planane er å byggje eit nytt kloster på innsida av klosterøya.

– Det trur eg har stor betydning, også for øya Selja og livet der ute. Eg trur det vil bli mange pilegrimar som vil komme, også med tanke på turismen trur eg det vil ha stor betydning, seier han til NRK.no.