Hopp til innhold

Huseigar får bot på 6000 kroner

Ein huseigar i indre Sogn er dømd til å betale ei bot på 6000 kroner. Mannen unnlot å utbetre manglar på det elektriske anlegget som han var pålagt å rette opp.

Sogningen fekk fleire meldingar og pålegg frå Elektrisitetstilsynet og takstmannen om å rette feil på det elektriske anlegget i huset som han leigde ut. Blant anna var det varmgang i inntakssikringane på loftet.

Tok fyr i huset

Det at huseigaren gav blaffen i å rette feila resulterte til slutt i at det tok fyr i huset, som vart påført store skadar. I alt er det tre utleige-einingar i huset.

I Sogn tingrett nekta huseigaren for at han hadde gjort noko gale. I staden synte han blant anna til at energiselskapet ikkje burde ha godkjent anlegget om det var risiko for brann.

Forsvararen synte også til at eit oppussingsarbeid etter ein vasskade vart sett i gang utan huseigaren sitt samtykke. I samband med dette arbeidet vart det sett på straum som førte til brannen.

Trudde han hadde elektrikar

Huseigaren forklarte også at han fleire gonger hadde forsøkt å få tak i elektrikar, og at han trudde han hadde ein avtale like før brannen.

Retten brydde seg ikkje om forklaringa til huseigaren og konkluderte med at han hadde hatt god tid på å skaffe seg elektrikar og at feila burde vore retta langt raskare.