Hopp til innhold

Frifunnen for vald mot elev

Ein tidlegare miljøterapeut ved ein skule i Sogn er frifunnen for vald mot ein elev.

Den tidlegare miljøterapeuten var tiltalt for å ha løfta ein 10 år gammal elev med eit grep rundt hovudet og klemt til, før han slapp eleven ned på golvet.

Bakgrunnen for episoden var at eleven kasta ein ball i ansiktet på miljøterapeuten så han miste brillene. Eleven, som har spesielle utfordringar, var svært uroleg denne dagen og terapeuten hevda i Sogn tingrett at han handla i naudverje for å unngå skade på både seg sjølv og andre.

Tingretten meiner det var uheldig å halde eleven i eit slikt grep, men dei valde likevel å frifinne miljøterapeuten på grunn av dei spesielle omstenda. Retten meiner at han ikkje gjekk utover grensene for naudverje