Hopp til innhold

17 bilførarar køyrde for fort

Utrykkingspolitiet held fram trafikkontrollane på vegane. Onsdag ettermiddag og kveld fekk nye 17 bilførarar forenkla førelegg.

Det starta ut på ettermiddagen på E16 ved Ljøsne i Lærdal. Ni bilførarar vart vinka inn etter å ha køyrt for fort i 60-sona, og fekk med seg eit forenkla førelegg vidare på turen. Høgste målte fart var 78 km/t.

Kontrollen heldt fram i sentrum av Lærdal. Her vart 42 køyrety kontrollert, men berre ein bilførar fekk gebyr for bruk av handhalden mobiltelefon.

Ut på kvelden stod trafikantane på riksveg 15 i Nordfjord for tur. I 80-sona ved Bryggja skreiv patruljen frå Utrykkingspolitiet ut ytterlegare åtte forenkla for høg fart. Høgaste målte fart var 97 kilometer i timen.

På tampen av førre veke fekk 107 bilførarar svi for høg fart på vegane i Nordfjord og Sogn. Seks av desse vart fotgjengarar.