Hopp til innhold

Leiteaksjon enda godt i Førde

Røde Kors, Norske redningshundar, politi og friviljuge leitte natt til torsdag etter ein mann i 70-åra i Førde.

Mannen vart meldt sakna etter at han ikkje kom heim att til bustad etter ein spasertur seint på ettermiddagen. Leiteaksjonen var i gang i 01-tida, men kunne avsluttast like før halv tre.

Ein friviljug som var med på leiteaksjonen kom over mannen ikkje så langt til bustad. Det regna og var kaldt, og mannen vart difor sendt til sjukehuset for kontroll.