Hopp til innhold

Følling: – Treng alle folka me har Forskar: – Tener lite på å bli utkant

Hornindal kommune bør også i framtida vere ein del av Sogn og Fjordane fylke, meiner Jenny Følling. Og ein forskar meiner kommunen har lite å tene på å bli ein utkant i eit endå større fylke.

Yngve Flo og Jenny Følling

SER IKKJE FORDELEN: Forskar Yngve Flo og fylkesvaraordførar Jenny Følling.

Foto: nyheitsspelar/Arne Stubhaug / NRK

– Sogn og Fjordane har 108 000 innbyggjarar. Me treng alle dei folka me har, seier Jenny Følling, fylkesvaraordførar og KS-leiar i fylket.

– Nye tider

Kvivsvegen, som opnar laurdag, vil bety ein heilt ny kvardag for dei om lag 1 200 innbyggarane i Hornindal. Reisetida frå Hornindal til Volda blir berre ein halv time når vegen opnar laurdag.

Då får dei ein heilt ny tilgang til høgskulen, sjukehuset og dei vidaregåande skulane i Volda. Køyrer dei ti minutt til er dei ved flyplassen i Ørsta.

– No blir det heilt andre tider seier ordførar i Hornindal, Anne-Britt Øen Nygård (Sp).

No vil ho ha ei folkerøysting om dei skal inn i Møre og Romsdal eller ikkje.

– Ynskjer folk å bli Møre og Romsdal-innbyggjarar?

– Eg får signal frå mange om det, ja.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kvivsvegen

KVIVSVEGEN: Denne vegen vil gjera arbeidsdagen mykje lettare for mange pendlarar.

Foto: Arne Stubhaug (gopro) / NRK

– Lettare å nå fram i S&Fj.

Men å forlata Sogn og Fjordane til fordel for vårt nabofylke i nord er ingen god idé, meiner partifellen Følling.

– Det er kanskje lettare å vinna fram i Sogn og Fjordane enn å kjempa mot større byar på Møre.

Det er også forskar ved Universitetet i Bergen og nordfjording, Yngve Flo, einig i.

– Hornindal vil vere endå meir utkant i Møre og Romsdal. I Sogn og Fjordane er dei litt over 1 prosent av befolkninga, om dei skiftar fylke vil dei bli berre ein halv prosent.

– Dei vil også bli ein kommune blant 37, i staden for ein av 26 kommunar i eit relativt handterleg fylke som Sogn og Fjordane, seier Flo.

– Viktig å bevara identiteten

Når Kvivsvegen opnar vil reisetida til mellom Stryn og Hornindal bli kutta med 50 minutt.

– Eg ser dei praktiske årsakene, men for å styrke infrastruktur, høgskulen og dei vidaregåande skulane i vårt eige fylke, so er det viktig at ein byggjer vidare på den identiteten me har i Sogn og Fjordane.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Til helga opnar den nye Kvivsvegen i Nordfjord. 
Kortare avstand og betre veg, gjer at honndølene no vurderer å bli møringar.

Vurderer å bli møringar

Møre og Romsdal har nærare 260 000 innbyggjarar og 36 kommunar, og fylkesordførar Jon Aasen vil gjerne ha ein kommune til.

– Det er klart at store samferdsleutbyggingar forandrar reisemønster. Det er klart at Hornindal, som alltid har vore knytt nordover til Møre, også blir knytt vestover til Møre no mot Ørsta-Volda-regionen er heilt naturleg.

– Dette dreiar seg ikkje om ein vil vera Møre og Romsdal eller ikkje. Som innbyggjar i Norge ser ein at tilknytinga endrar seg om ein plutseleg får eit endra reisemønster, og med alle dei tilboda som ligg i Ørsta-Volda-regionen, so er det klart at Nordfjord ser mot det, seier Aasen.

– Leit at dei vil nordover

Følling meiner ein må kjempe for å behalde Hornindal i Sogn og Fjordane.

– Me må styrke fylket vårt, me må knyte det saman med gode vegar og bruer, og so må me ikkje svekke det på nokon måte, det trur eg er viktig for Sogn og Fjordane. Det at ein aktivt skal gå ut og søke nordover tykkjer eg er leit, seier Følling.

– Vil de nekta Hornindal å forlata Sogn og Fjordane om dei skulle få fleirtal i ei folkerøysting?

– Den tanken har eg ikkje tenkt på endå.