Hopp til innhold

Skal snakka til elevane om verdigheit

I morgon, torsdag 20. september, kjem Kronprins Haakon til Sogndal vidaregåande skule for å snakka om verdigheit, og kor viktig det er i kvardagen.

Kronprins Haakon

TRONARVING: H.K.H. Kronprsin Haakon kjem til Sogndal.

Foto: Arne Daniel Haldorsen / NRK

Han kjem i samband med «Dignity day», eit skuleopplegg som har som målsetjing å gjere ungdom medvitne på kva verdigheit er, og korleis verdigheit er relevant for oss alle i kvardagen.

Sogndal vidaregåande skule

NY, FLOTT SKULE: Kronprinsen skal blant anna leia gruppearbeid i to klassar under besøket.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birte Johanne Finstad

Verdigheit

Denne dagen vil elevane ved Sogndal VGS difor snakke om verdigheit, og kronprinsen vil mellom anna leie samtalen i ei av skuleklassane.

Kronprinsen stifta «Global Dignity» i 2006, saman med den finske professoren Pekka Himanen og den amerikanske leiaren av «Operation Hope», John Bryant. «Dignity day» ved Sogndal VGS er ein del av oppkøyringa til markeringa av «Global Dignity day» 17. oktober.

Tronarvingen kjem til skulen klokka 10.15, og startar med å introdusera kva dette prosjektet er, før han gir ordet til ein elev som skal snakka om verdigheit.

Skal hjelpa til med gruppearbeid

Deretter skal kronprinsen hjelpa elevane i to klassar med gruppearbeid når die jobbar med verdigheitshistorier.

Visjonen til Global Dignity er å verkeleggjere den universelle retten alle menneske har til å leve verdige liv. Global Dignity har tre føremål: Å fremje verdigheitsbasert leiarskap, å stimulere til ein global samtale om verdigheit – og å engasjere ungdom i tydinga av verdigheit.

I fjor vart det arrangert Global Dignity Day for 27 000 elevar frå 143 vidaregåande skular i Noreg, og over heile verda deltok meir enn 100 000 ungdommar.