Hopp til innhold

Kvinne skadd etter kollisjon på E39

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ei kvinne er skadd etter at ein personbil og ein dumpers har krasja på Torvundhøgda på E39 mellom Lavik og Vadheim.

Politiet fekk melding om trafikkulukka klokka 13.53 onsdag ettermiddag.

Ein personbil og ein dumpers skal ha kollidert på Torvundhøgda, får NRK opplyst av operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet kan førebels ikkje seie mykje om skadeomfanget, men veit at ei kvinne som sat i personbilen skal vere skadd. Det skal ikkje vere noko som tyder på at ho er alvorleg skadd.

Kva som er årsaka til samanstøyten mellom dei to køyretya er førebels ikkje kjent.

Ambulanse og politi vart sende til staden. E39 var ein periode stengd på staden som følgje av ulukka, men ifølgje politiet kunne trafikken ved 15-tida passere ulukkesstaden som normalt.