Hopp til innhold

Moderat skadd etter fall i fjøs

To menn får behandling ved sentralsjukehuset i Førde etter to arbeidsulukker tysdag.

Ein 50 år gamal mann er moderat skadd etter at eit fall i ein fjøs. Arbeidsulukka skjedde på ein gard i Ortnevik på sørsida av Høyanger kommune ved 13.30-tida tysdag.

Mannen skal ha fått hovudskadar i fallet og vart frakta til sjukehus med luftambulanse. AMK ved sjukehuset i Førde opplyser onsdag at mannen får behandling ved intensivavdelinga.

Ein 41 år gamal mann er også innlagt på sjukehus etter ei anna arbeidsulukke i fylket tysdag. Mannen har fått lettare skader etter arbeidsuhellet som skjedde i samband med trefelling på Myrmel i Gaular.

AMK opplyser at mannen får poliklinisk behandling.