Hopp til innhold

- Lærdal bør få omstillingsstatus

Lærdal har så store utfordringar at kommunen bør få omstillingsstatus, tilrår fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Lærdal

OMSTILLINGSKOMMUNE? Lærdal kan få hjelp til å skape nye arbeidsplassar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han rår til at Lærdal får slik status i to år framover, med ei startløyving på ein million kroner. Denne summen skal gå til å etablere ein omstillingsorganisasjon og tilsette ein prosjektleiar.

Dei siste to åra har Lærdal mist 90 arbeidsplassar, i dei fleste av desse tilfella var det kvinner som miste arbeidet sitt. Det gjeld Opplysningen 1881 som la ned avdelinga i Lærdal i år (55 tilsette), og på Lærdal sjukehus er talet på tilsette redusert.

I nabokommunen Årdal, der fleire lærdøler arbeider, har og mange arbeidsplassar gått tapt. Dørfabrikken Dooria er lagd ned, Hydro skjer ned på talet på tilsette, og solcellefabrikken Norsun går ei usikker framtid i møte.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jan Heggheim

JA TIL OMSTILLINGSSTATUS: Fylkesdirektør Jan Heggheim.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Kan skape arbeidsplassar

Dette gjer det naturleg å satse på å få til nyetableringar og vekst i eksisterande næringsliv i eit samarbeid mellom dei to kommunane, seier fylkesdirektør Jan Heggheim.

– Lærdal har saman med Årdal fleire utfordringar som gjer at det kan vere eit behov for å setje i gang eit omstillingsprosjekt. Dette kan skape fleire arbeidsplassar og ein meir balansert næringsstruktur i området.

Ny aktivitet i 1881-bygget

Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal seier han er glad for tilrådinga.

– Eg er sjølvsagt ikkje glad for at vi er komne i den situasjonen at vi treng hjelp til omstilling, men det er flott at vi no kan få hjelp til omstilling.

Solheim seier at Lærdal vil samarbeide tett med Årdal i arbeidet med å skape nye arbeidsplassar.

– Den første hovudsatsinga er å skape ny aktivitet i 1881-bygget som no står tomt. I Årdal er det ny aktivite ti Dooria-bygget som er målet.

Hovudutvalet for plan og næring avgjer om Lærdal vert omstillingskommune eller ikkje 25. september.