Hopp til innhold

No kjem sola endeleg tilbake

Meteorologen kan sjølv ikkje hugse sist ho kunne melde om godvêr to dagar på rad. Men til helga ser det altså ut til at finvêret kjem tilbake: – Det blir sol, punktum!

Låg haustsol over Nordfjorden

NO BLIR DET TØRT OG FINT: Etter fleire veker med regnvêr kan folk over heile Sogn og Fjordane no gle seg til ein solfylt og tørr laurdag.

Foto: Bjarne Eldevik

Det seier statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Kjersti Opstad Strand.

Ho er blant dei mange vestlendingane som no har sett seg ganske så lei på regnet som kjem i bøtter og spann. Men meldingane for helga ser lovande ut.

– Der ser flott ut, og vi gler oss til det. No er vi lei regnvêret, seier meteorologen til NRK.no.

– Eg kan faktisk ikkje hugse sist godvêrsperiode, det har vore ganske vått dei siste vekene, ler ho.

Laurdag kjem sola

Meldingane om sol og tørt vêr er ganske etterlengta for mange vestlendingar. Dei siste vekene har det regna meir eller mindre i strekk fleire stader i Sogn og Fjordane. Det har vore glimt av sol frå tid til annan, men lengre periodar med godvêr har det vore lite av.

Dei som er lei av våte sko og paraply blir truleg glade for denne meldinga frå meteorologen.

– I løpet av torsdag så byggjer det seg opp ein høgtrykksrygg, men det vil framleis kome enkelte regnbyer ut fredagen. Iallfall i ytre og nordlege strøk, seier Opstad Strand. Så kjem ho med den verkeleg gode nyheita.

– Laurdagen ser solfylt og tørr ut for heile fylket, og søndagen ser framleis fin og solfylt ut, seier meteorologen.

Det er eit lite «men» for søndagen sin del.

– Det blir kanskje litt meir skyer og det er utrygt for enkelte regnbyer, men det er vesentleg i ytre strok.

– Kaldt og fint

Når det klarnar opp til helga blir det også litt kaldare, fortel meteorologen.

– Sola vil gjere sitt for å varme opp på dagtid, men det blir nok kjøligare, særleg om natta, seier Opstad Strand.

På spørsmål om kor kaldt det kan bli seier ho at det dei fleste stader vil liggje på rundt 0 grader på det kaldaste, men at det i fjellet, som til dømes på Sognefjellet kan kome ned i 5–6 minus.

(Artikkelen held fram under biletet)

Saltbil frå E. Opedal & Sønner

PÅ PLASS: Både natt til onsdag og i morgontimane har det blitt salta på alle fjella i Sogn. Entreprenøren E. Opedal & Sønner er budde på at vinteren no kjem snikande.

Foto: E. Opedal & Sønner

Kan bli småskummelt på vegane

Det kalde vêret kan også føre til litt småskumle forhold langs vegane. Der det er vått på bakken kan låge temperaturar føre til at det frys på, og meteorologen ber folk vere litt merksame på det.

– Det er ein skummel tidleg haust situasjon, der det kan vere glatt på vegane om det er vått på bakken, seier ho og legg til:

– Dersom det kjem nedbør om natta i indre strok og i høgfjellet, så kan det kome sludd og kanskje snø, seier Opstad Strand.

Vêrvarsel er aldri heilt bombesikre, men Opstad Strand meiner dei gode meldingane for helga skal vere ganske sikre.

– Det ser ganske bra ut, vi følgjer situasjonen, men det har gått mot ei betring lenge no. Så vi satsar på at dette skal halde seg, seier meteorologen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.