Hopp til innhold

Billegare med flytebru

Dersom det blir bygd flytebru i staden for hengebru mellom Anda og Lote kan prisen bli ein milliard lågare.

Anda-Lote - flytebrualternativ

HØGBRU I MIDTEN: Slik kan ei framtidig flytebru mellom anda og Lote ta seg ut frå aust.

Foto: LMG Marin/Nordwest3D

Det syner ein studie som Nordfjordkryssing AS har fått utarbeidd. Der går det fram at flytebrua kan byggjast for 1,9 milliardar kroner. Det er om lag ein milliard mindre enn hengebrualternativet som Statens vegvesen har lagt til grunn.

Alternativet med flytebru har ei høgbru på midten med ei seglingshøgde på 70 meter, nok til at store cruiseskip kan passere. Heile brua blir 1,8 kilometer lang.

Samstundes syner nye utrekningar at ein større del av Nordfjordbrua kan bli finansiert av bompengar. Årsaka er mellom anna ein sterkare trafikkauke.

Nils R. Sandal

- GLEDELEG: Nils R. Sandal.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Styrkjer Anda-Lote

Styreleiar Nils R. Sandal i Nordfjordkryssing AS meiner alt dette styrkjer alternativet med bru mellom Anda og Lote kontra tunnel under Utvikfjelelt og bru ved Svarstad.

– Dei nye rapportane er gledelege, og dei forsterkar konklusjonen i den ferske kvalitetssikringsrapporten frå Terramar om at ein midtre korridor for E39 over Nordfjorden er den i særklasse mest framtidsretta og samfunnsøkonomisk beste løysinga.