Hopp til innhold

Filefjells-utbetring framleis i rute

Trass i ein del utfordringar på utbetringsarbeidet over Filefjell, forsikrar prosjektleiar Oddvin Ylvisaker at vegen skal opne som planlagt i juni 2014.

Filefjell

RASAR UT: Utglidingar har ført til ein del utfordringar for utbetringsarbeidet mellom Smedalsosen og Borlaug på E16 over Filefjell.

Foto: Statens vegvesen

Like ovanfor Maristova har utrasing av steinblokker heilt stengt vegen, som fram til 12. oktober skulle vere open i helgane.

Overfor Sogn Avis seier prosjektleiar Oddvin Ylvisaker at desse hendingane ikkje får noko å seie for framdrifta.

– Vi reknar med å vere ferdige i slutten av juni 2014, seier han til avisa.

Dei siste vekene har det rasa i fjellskjeringa, noko som har ført til meirarbeid med å rydde og sikre vegen. Fjellsida er ustabil, og reinskingsarbeidet kan ikkje utførast før den er sikra.

Ved det siste raset konkluderte ein geolog med at arbeidet var så omfattande og utfordrande at det var uråd å få gjort dette før 12. oktober.

Omkøyringsveg når E16 er stengd

OMKØYRINGSVEGAR: Her er vegane ein kan køyre så lenge E16 er stengd.

Foto: Statens vegvesen