Hopp til innhold

Gatehundar utan vaksine mot rabies - fryktar sjukdomen kan spreie seg

Nye testar viser at importerte gatehundar frå Aust-Europa ofte fører med seg farleg smitte. Både bønder og Mattilsynet er uroa og fryktar hundane skal føre til spreiing av alvorlege sjukdomar – som til dømes rabies.

Importerte gatehundar frå Aust-Europa fører i mange tilfelle med seg farleg smitte - Det viser nye testar. Dette uroar bøndene, som fryktar at husdyr kan bli smitta av rabies og andre farlege sjukdommar.

FRYKTAR SMITTE: Bonde Olav Kåre Kusslid i Førde er ein av dei som er uroa over at mange importerte hundar ikkje er vaksinert mot den farlege sjukdomen rabies.

Stadig fleire gatehundar frå Aust og Sør-Europa får seg ein ny heim i Norge. Men kor vidt hundane er friske og vaksinerte er det fleire som har vore usikre på. Dei som importerer hundane må kunne vise til ein veterinærattest, men fleire meiner desse ikkje er til å stole på.

For å finne ut meir om kor vidt slike hundar har med seg farleg sitje, bad Mattilsynet og Veterinærinstituttet om at dei som hadde importert hundar sjekka dei hos veterinær.

Prøvene viste at mange av hundane hadde med seg forskjellige bakteriar og parasittar, og halvparten av hundane mangla skikkeleg vaksine mot rabies.

– Rabies er ein alvorleg sjukdom for dyr og menneske, og vi er uroa over at så mange av hundane ikkje har tilstrekkeleg beskyttelse mot den sjukdomen, seier Solfrid Åmdal som er seksjonsleiar i Mattilsynet.

– Vi er veldig sårbare

Ein av dei som delar uroa til Mattilsynet er sauebonde Olav Kåre Kusslid i Førde. Då NRK møter han er han i ferd med å hente ned sauer ifrå sommarbeite i Haukedalen. Han er smerteleg klar over at beiteområda til husdyr landet rundt også er populære område for folk og hundar.

At mange importerte gatehundar ikkje er vaksinerte mot den farlege sjukdomen rabies er noko han ser svært alvorleg på.

– Viss dei tilfører smitte som ikkje har hatt før, så er vi veldig sårbare, seier Kusslid til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christian Rekkedal (f.v.) og Olav Kåre Kusslid. Til høgre står sonen til Kusslid.

UROA: Både landbruksdirektøren i Sogn og Fjordane, Christian Rekkedal (f.v.) og sauebonde Olav Kåre Kusslid er uroa.

Foto: Silje Guddal / NRKq

Har truleg kome lovleg til Norge

Til saman 60 prøver frå importerte gatehundar har blitt analysert etter oppmodinga frå Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Halvparten av dei mangla altså god nok beskyttelse mot rabies.

Dette betyr i praksis at hunden enten ikkje er vaksinert i det heile teke, eller at hunden ikkje har respondert på rett måte på den vaksinen som er gitt.

Seksjonssjef Solfrid Åmdal i Mattilsynet seier at hundane som ikkje er beskytta mot rabies truleg har kome lovleg til Norge.

– Etter det nye regelverket, så treng ein ikkje å ta blodprøve for å vise at vaksinen har effekt, så hundane har kome til landet på lovleg vis, seier Åmdal.

Stoler ikkje på attestane

Dei som importerer gatehundar frå utlandet må vise til ein såkalla veterinærattest. Landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Christian Rekkedal, er blant dei som ikkje stolar fullt og heilt på dette opplegget.

Då han såg resultatet frå prøvene gjort av Mattilsynet og Veterinærinstituttet, vart han ikkje overraska.

– Undersøkingane viser at det systemet vi har med veterinærattestar, det kan vi ikkje stole på, seier Rekkedal.

– Når ein undersøker dei og halvparten av hundane ikkje har skikkelege vaksinar, sjølv om dei skulle ha hatt det, då kan ein ikkje lenger stole på det systemet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olav Kåre Kusslid

SÅRBARE: Olav Kåre Kusslid seier det er lite som skal til for at sjukdomen spreier seg dersom ein hund med rabies kjem ut i eit område der det er enten beitedyr eller hjort.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fryktar smitten vil kunne spreie seg fort om det først skjer

Landbruksdirektøren i Sogn og Fjordane er no svært uroa for at slike hundar skal kunne kome til å spreie den farlege sjukdomen.
Han viser til at Norge har vore skåna for sjukdomen i over 100 år, men er redd dette fort kan kome til å endre seg.

– Rabies kan lett spreie seg frå ein hund til ein smågnagar, vidare til rev, så vidare til hjortestammen eller husdyr, forklarar Rekkedal om sjukdomen som smittar gjennom spytt.

Også sauebonde Olav Kåre Kusslid i Førde meiner det som kjem fram i undersøkingane er alvorleg. Skulle dyra bli sjuke vil det få store konsekvensar.

– Det er ikkje noko som er så deprimerande som å få sjuke dyr, seier han til NRK.no.

– Kraftige og kostbare tiltak

Om ein skulle få rabies på til dømes hjort eller husdyr vil det nemleg få dramatiske og kostbare konsekvensar fortel landbruksdirektøren.

– Då må ein drive kraftig nedskyting av hjortestammen, eller til dømes slakte ned besetningar med sau.

– Det er kraftige og kostbare tiltak som må til viss ein skal bli kvitt ein slik smitte om den kjem hit, seier Rekkedal til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sauar som bilr henta ned frå beite

FRISKE: Landbruksdirektøren i Sogn og Fjordane håpar sauene her i Haukedalen skal sleppe rabiessmitte også dei neste hundre åra. Blir dyra smitta kan ein måtte slakte ned store besetningar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Mattilsynet vil ha strengare regelverk

Hos Mattilsynet vedgår dei at reglane som gjeld for import av gatehundar ikkje er strenge nok.

– Norge er eit land med ei unik dyrehelse. Etter det vi har sett det siste halve året, så meiner vi at regelverket for hundar med ukjent helsestatus ikkje er strengt nok, seier Åmdal.

Ho seier Mattilsynet vil ha eit strengare regelverk og at det no blir jobba med å gjere tiltak innanfor regelverket som allereie finst. I tillegg jobbar dei opp mot EU.

Ber om at folk sjølv tar ansvar

Landbruksdirektøren i Sogn og Fjordane meiner dei som importerer hundane sjølve må ta eit større ansvar. Han meiner folk må bruke sunn fornuft og ikkje stole blindt på veterinærattestane.

– Det er veldig alvorleg at folk ikkje tenkjer over dette når dei tek med seg gatehundar frå Aust og Sør-Europa til Norge, seier Rekkedal.

– Dette er land der det ikkje er vanskeleg å få kjøpt seg forfalska papir på alle område. Ein kan ikkje kjøpe ein hund med ein veterinærattest og tru at den er til å stole på. Ein må ta ansvar sjølv, seier landbruksdirektøren.

– Viss ein har fått slike dyr inn i landet, gå til dyrlege og få gjort ei skikkeleg undersøking, er den klare oppmodinga hans.