Hopp til innhold

Redaktørar kranglar om bompengar

Striden om kor E39 skal gå gjennom Nordfjord fører til harde frontar på leiarplass i lokalavisene. Redaktørane i Fjordabladet og Fjordingen kranglar no om kva det vil koste i bompengar om ein byggjer bru over Lote-Anda.

Tormod Flatebø og Bengt Flaten

KRANGEL: Redaktørane Tormod Flatebø og Bengt Flaten kranglar no om kva det vil koste å bompengefinansiere ei bru over Anda-Lote.

Foto: Montasje: NRK/Guri Haram

Før helga kom rapporten som seier at det mest samfunnsøkonomiske lønsame vil vere at E39 går via bru over Anda-Lote, og at ein her kan klare seg med 13 år bompengefinansiering.

Kva folk faktisk kan måtte punge ut med i bompengar er redaktørane i Fjordabladet og Fjordingen heilt ueinige om.

Høyr debatten mellom redaktør Bengt Flaten i Fjordingen og Tormod Flatebø i Fjordabladet under.

Kan vere nedbetalt på 13 år

På oppdrag av Finansdepartementet og Samferdsledepartementet har Terramar AS og Oslo Economics AS sett nærare på dei forskjellige vegvala for E39 gjennom Nordfjord. I rapporten tilrår dei at E39 i framtida bør gå via hengebru mellom Anda og Lote, noko som er stikk i strid med Vegvesenet si tilråding. Dei vil nemleg ha tunnel under Utvikfjellet og brukryssing ved Svarstad i Stryn kommune.

I den ferske kvalitetssikringsrapporten har Terramar AS og Oslo Economics AS også kome fram til at bru over Lote-Anda, kombinert med tunnel og bru vidare til Volda og Stigedalen, kan vere eit godt bompengeprosjekt.

– Det vil ta 13 år med 50 prosent bompengefinansiering. Det vil eg trur er realistisk å gjennomføre, seier administrerande direktør i Terramar AS, Pierre Henrik Bastviken.

388 kroner eller 86 kroner?

Men kva må då folk ut med i bompengar? Redaktør Bengt Flaten i Fjordingen i Stryn skriv på redaktørplass i avisa måndag at bilistane då må ut med 388 kroner.

Eit slikt reknestykke får redaktør i Fjordabladet i Eid, Tormod Flatebø, til å protestere.

– Bengt Flaten har sin heilt eigen måte å rekne på. Men her er det snakk om ferjetakst pluss 40 prosent, og viss du legg dagens ferjetakst til grunn blir det 86 kroner og 80 øre, sa Flatebø på NRK radio tysdag morgon.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anda-Lote

GÅR FOR BRU HER: Den siste rapporten som er bestilt av Samferdsledepartementet og Finansdepartementet tilrår bru over Anda-Lote.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Ikkje tal eg har funne på

Men Bengt Flaten i avisa i Stryn står på sitt. Han likar dårleg å bli skulda for å ikkje vere truverdig.

– Nei, eg likar veldig dårleg å bli skulda for å finne på tal sjølv, er det kontante svaret frå redaktøren i Fjordingen.

– Talet på ein bompengesats på 388 kroner for Stigedalsalternativet har eg henta rett ut frå kvalitetssikringsrapporten. Det er ikkje tal eg har funne på, seier Flaten til NRK.no.

Gir begge rett

Pierre Henrik Bastviken i Terramar AS som har laga rapporten blir ein slags overdommar i krangelen mellom dei to om korleis tala i rapporten skal forståast.

Og Bastviken gir både Flatebø og Flaten rett.

Bompengesatsen på 388 kroner er ein snittpris som inkluderer det også tungtrafikken må betale, ved å krysse begge fjordane, altså både Nordfjorden og Voldsfjorden. Bastviken har då ikkje teke stilling til om det blir ein eller to bomstasjonar for dei to kryssingane.

Vidare meiner han at det er realistisk med ein bompengeandel på 50 prosent, og at ein då vil ha vegen nedbetalt på 13 år. Det ein snakkar om er eit påslag på dagens ferjetakstar på vel 40 prosent.

– Vi trur at der det er normalt med ferjer, der er det ein vilje til å betale, meir enn andre stader, seier Bastviken til NRK.no.

Forskjellige råd

Rapporten som vart lagt fram sist veke kjem altså med eit anna råd enn det Vegvesenet tidlegare har kome med. Den ferske rapporten tilrår E39 via Anda-Lote, medan Vegvesenet vil ha tunnel gjennom Utvikfjellet og brukryssing ved Svarstad i Stryn.

Den ferske rapporten er derimot i tråd med det fleirtalet av politikarane på fylkestinget gjekk inn for, altså bru via Anda-Lote.

Samferdsleminister Marit Arnstad sa sist veke at det var interessant at det no var to rapportar med forskjellige traseval.

– Det er interessant at vegvesenet har eit traséval, medan den eksterne kvalitetssikraren har eit anna. Dette bidreg til å belyse saka godt for oss politikarane. Vi har enno ikkje teke stilling til kvar for eit traséval som er rett, men det vil vi gjere i løpet av dei næraste månadene, sa Arnstad til NRK.no sist veke.