Hopp til innhold

Har fått att stolne kle

Klesbutikken Årdal Mote i Øvre Årdal har no fått att kleda som vart stolne for vel ein månad sidan.

Innbrot i Årdal

NESTEN TOMT: Slik såg det ut i lokala til Årdal Mote etter innbrotet 16. august. No er dei stolne kleda på plass att.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Lensmann Magne Knudsen i Årdal seier dei til og med har fått varer som ikkje tilhøyrer butikken i Årdal.

– Desse kleda stammar nok frå eit anna innbrot.

Magne Knudsen

FORT OPPKLART: Lensmann Magne Knudsen i Årdal.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Eigar Aud Henjum sa etter innbrotet natt til 16. august at ho var sikker på at tjuvane hadde fått med seg kle til ein verdi av 1,5 millionar kroner. Men mange og gode tips gjorde at politiet fort kom på sporet av tjuvane.

Pågripne etter to dagar

To dagar etter innbrotet i Årdal aksjonerte politiet i Vestfold mot ein bustad i Sandefjord og arresterte to menn og ei kvinne. Dei to mennene på 33 og 42 år vart varetektsfengsla for fire veker.

Dei fire vekene er no gått, dei to som er sikta i saka har vore i nytt fengslingsmøte og må sitte i varetekt i endå fire veker til. Det er enno uvisst når saka mot dei to kjem opp for retten. Dei to er av austeuropeisk opphav.

Pågriping av klestjuvar i Sandefjord

KJAPT POLITIARBEID: Arrestasjonen i Sandefjord 18. august.

Foto: Lasse Ljung / Nyhets Foto