Hopp til innhold

Skadd då han felte tre

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann i 40-åra er send til Førde Sentralsjukehus etter eit arbeidsuhell i Gaular.

Klokka 11.44 fekk politiet melding om at ein mann hadde kome til skade i samband med felling av tre.

Mannen vart send med ambulanse til sjukehuset i Førde. Det er førebels ikkje kjent kor omfattande skadar han har fått.

Politiet er på staden for å undersøke nærare kva som har skjedd.