Hopp til innhold

Fiska stor-aure på 5,1 kilo på stang i Jølstra med heimelaga fluge

Det vart dobbel lukke for Ulf Tage Abrahamsen i går då han fekk ein 5,1 kg tung aure på stang i Jølstra, med heimelaga fluge. – Dette er det største som har skjedd meg, seier høyangermannen.

Ulf Tage Abrahamsen

Ulf Tage Abrahamsen fekk si største fiskeoppleving då han fekk ein 5,1 kilo tung aure på stang i Jølstra, med ei fantasifull heimelaga fluge.

Foto: Privat

– Det er ein flott fisk! Ulf Tage Abrahamsen frå Høyanger hadde ikkje drøymt om storfangsten han gjorde i Jølstra i går.

Han er ein ivrig fiskar, og å reise til Jølster for å fiske så snart han har tid. I går fekk han lukketreff.

– Eg er ein meget uerfaren flugebindar. I går hadde eg med meg den aller fyrste fluga som eg har laga til å fiske på stang i Jølstra og det fungerte bra det, seier ein munter Abrahamsen.

Fluga skal etter eiga vurdering vere ein kreativ og fantasifull variant av ei zulu-silver-fluge.

Aure

STOR-AURE: Med ein fantasifull kopi av ei zulu-silver-fluge, fekk Abrahamsen storaure på kroken i Jølstra i går.

Foto: Privat

Den skulle vise seg å vere ekte lokkemat for den ivrige hann-auren.

Abrahamsen fortel at fiskeforholda i Jølstra er svært gode for tida med regnet som har vore.

– Det er mykje vatn i elva, då blir ikkje fisken så redd og forstyrra når ein nærmar seg.

Han er framleis usikker på kva skjebne auren skal få.

– Eg har teikna omriss av han på ei plate og lagt han i frysaren, kanskje eg stoppar auren ut.

Abrahamsen utelukkar ikkje at fisken også kan ende som mat på fat for han har laga seg eit røykeri kan det vere det enklaste.

Han har registrert at det er blitt fiska fleire store aurar i Jølstra den siste tida. For han Abrahamsen sjølv er dette ei stor oppleving.

– Eg seier eg vil heller fiske ein 2 kilos aure enn ein 10 kilos laks. Dette tilvarer ein 50 kilo tung laks, seier ein lattermild og fornøgd Abrahamsen.