Hopp til innhold

Øyfolket jublar for ny båt

Søndag sette Fjord1 inn ein leigebåt på ruta Kystvegekspressen. Øyfolket i Flora er svært glade for at den 22 år gamle «Dagning» har fått avløysing.

MS Rygercruise

SKAPER GLEDE: MS 'Rygercruise' er sett inn på Kystvegekspressen.

Foto: Pressefoto

– Dette er ein full siger for oss, seier Atle Trettevik i arbeidsgruppa Prosjekt Øyane til Firdaposten.

Det er MS «Rygercruise» som er leigd inn frå reiarlaget L. Rødne & Sønner i Rogaland. Båten er bygd på Brødrene Aa i Hyen i 2006, det er ein katamaran som tek 97 passasjerar.

Rosar Fjord1

Atle Trettevik rosar Fjord1 og reiar Paal Skorpen i Florø Skyssbåt for det som no er gjort.

– Vi i Prosjekt Øyane sa at vi ikkje ville gi oss før vi hadde tre katamaranar på plass, og no er vi der.

Det har siste året vore stor misnøye blant dei som bur på øyane med båttilbodet. Særleg har bruken av einskrogsbåten «Dagning» møtt mykje kritikk.

Atle Trettevik

ROSAR FJORD1: Atle Trettevik.

Foto: Silje Guddal / NRK

582 fastbuande og 400 hytter

Trettevik viser til at det bur 582 fastbuande i dei øysamfunna som er avhengige av båtrutene.

– I tillegg er det mange som bur på fastlandet og som ynskjer å kome seg på skikkeleg måte ut til hyttene sine. Det er over 400 hytter.

Mange funksjonshemma får og ein ny og mykje lettare kvardag når «Dagning» no blir avløyst av «Rygercruise», fortel Trettevik.

– Det er mange som ikkje ynskjer å kome ned på ei kai der dei ikkje kan få kome om bord med rullestolen sin, men måtte berast på ryggen for å kome om bord i «Dagning». Det gjeld mellom anna ein gut som har teke til på Flora vidaregåande skule.

«Sylvarnes» kjem i mai

Leigeavtalen med reiaralget i Rogaland gjeld fram til 1. mai 2013. Etter det skal Fjord 1 sin eigen MS «Sylvarnes» settast inn i ruta. Den går no i ruta Nordeide-Ortnevik-Vik. Til vinteren skal MS «Sylvarnes» oppgraderast frå 50 til 70 passasjerar.

MF Sylvarnes

KJEM I MAI: MS 'Sylvarnes' skal inn i ruta frå 1. mai.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK