Hopp til innhold

Vil føde i Volda framfor Førde

Høggravide Isabell Rajeswaran (19) og sambuaren Ole Petter Bugjerde (27) frå Måløy kryssar fingrane for at deira førstefødde kjem til verda før 1. oktober.

Isabell Rajeswaran håpar junior kjem til verda før 1. oktober.

KORTAST VEG: Fram til 31. september er Nordfjord sjukehus den desidert næraste fødeavdelinga for høggravide Isabell Rajeswaran.

Foto: Foto montasje

Fødselsdatoen spelar ei avgjerande rolle for kvar junior skal komme til verda.

30. september blir fødeavdelinga på Nordfjordeid lagd ned, og kring 300 gravide nordfjordingar må bu seg på langt lengre reise til Volda eller Førde.

Isabell Rajeswaran og Ole Petter Bugjerde har fått 12. oktober som termin for deira førstefødde.

– Kjem han før 1. oktober så blir han fødd på Eid. Slik det ser ut no, så ser det ikkje ut som om det vil skje. Det er ganske roleg, men vi får håpe, smiler ho.

Barseltid i Eid

Ole Petter Bugjerde og Isabell Rajeswaran

VENTAR BARN: Ole Petter Bugjerde (27) og Isabell Rajeswaran (19).

Foto: Privat

Paret har gjennom heile svangerskapet fått god oppfølging ved sjukehuset på Nordfjordeid. Men fødselen ser ut så langt ut til å skje i anten Førde eller Volda. Noko som betyr langt lengre reise enn til sjukehuset i Eid.

Barseltida kan Rajeswaran derimot få i Eid.

– Då kan jo familien komme på besøk, men så må ein også setje seg i bilen med ein baby på nokre timar eller ein dag. Det blir ikkje kjekt det heller, seier 19-åringen.

– Mykje lengre reiseveg

Heilt sidan sjukehuset vart opna i 1936 har nurk i hopetal komne til verda på Nordfjordeid. Men Helse Førde har av faglege og økonomiske grunnar vedteke å leggje ned fødeavdelinga.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Avstandar for fødande frå Måløy

Reiseavstand

 

Kilometer

Måløy - Eid

 

54,3

Måløy - Volda

Om Folkestad

93,6

Måløy - Volda

Om Kvivsvegen

125

Måløy - Førde

 

156

Frå 1. oktober blir kvinnene der ein ventar vanlege fødsel

ar sende til Volda, medan risikofødande blir styrte til kvinneklinikken i Førde.

Isabell Rajeswaran tykkjer det er trist at fødeavdelinga på Nordfjordeid snart er historie.

– Eg tykkjer ikkje noko om det sjølvsagt. Det er jo berre mykje meir stress for alle fødande frå Vågsøy, Selje og Eid. Det blir uansett ein mykje lengre reiseveg, seier ho.

– Får eit godt tilbod

Avdelingssjef ved kvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav, seier at dei fødande nordfjordkvinnene likevel vil få eit bra tilbod sjølv om fødeavdelinga i Eid snart er borte.

– Dei skal då ha ei god starteining på Nordfjord sjukehus, der det er eit poliklinisk tilbod i tillegg barseltilbod og følgjeteneste for dei kvinnene som skal til Førde eller Volda. I tillegg blir det naudfødestove for dei kvinner der fødselen går så raskt at ein ikkje når fram til ei fødeavdeling, seier han.

Kan velje sjølve

Ved normale svangerskap kan nordfjordkvinnene sjølv velje om dei vil til Sunnmøre eller Sunnfjord for å føde.

Tom Guldhav

GODT TILBOD: Tom Guldhav er avdelingssjef ved kvinneklinikken i Helse Førde.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Guldhav vil ikkje spekulere i kva kvinnene vil velje mellom Førde og Volda.

– Kvinnene kan velje mellom fødeavdeling med barneavdeling og fødeavdeling utan barneavdeling. Korleis det vil slå ut i høve til reiseavstandane, trur eg ein skal vere forsiktig med å spekulere i, seier han.

Vil handtere auken

I Helse Møre og Romsdal ynskjer sjef ved kvinneklinikken, Henrik Erdal, nordfjordkvinnene hjarteleg velkomne til fødeavdelinga i Volda.

– Når det gjeld jordmorbemanning, så meiner vi at dagens bemanning skal handtere det auka talet greitt. Når det gjeld legar og gynekolog, så vil vi lyse ut for ein gynekolog stilling til så vi får fem gynekologar, seier han.

– Dei fødande fryktar lange vegar til sjukehuset, at det kan bli fødslar i sjukebilane. Deler du den frykta?

– I liten grad. Dette med transportfødslar er eit lite problem, slik at det vil stort sett gå fint.

Vil reise til Førde

Men i Måløy kjem sambuarparet Rajeswaran og Bugjerde til å velje Volda framfor Førde, dersom junior ventar til etter 31. september med å komme til verda.

19-åringen viser til at vegen til Førde er nær tre gonger så lang som til Eid, medan Volda er «berre» kring dobbelt så lang. Rajeswaran har også følgjande grunngjeving for kvifor ho vil takke nei til ein fødetur til Førde:

– Eg har vore innlagt der før og føler eg blir nedprioritert. Det er så mykje større sjukehus og mykje meir folk at ein føler dei ikkje får tid til deg, seier ho.