Hopp til innhold

100 helsearbeidarar er fråtekne autorisasjonen

Kring 100 helsearbeidarar blir årleg fråtekne retten til å utøver yrket sitt her i landet.

Mann i sykeseng

ILLUSTRASJON: I alt 26 kvinner og menn har siste ti åra mista autorisasjonen til å drive som lege, sjukepleiar eller annan yrkesutøvar i helsesektoren.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB Scanpix

I Sogn og Fjordane har 26 kvinner og menn heilt eller delvis mista autorisasjonen sin siste ti åra.

Autorisasjonen gir dei lov til å jobbe som anten lege, sjukepleiarar eller annan yrkesutøvar i helsesektoren.

– Utgangspunktet for å miste autorisasjonen som helsearbeidar, er at du har vist deg ueigna til å vere i yrket som helsearbeidar, seier konstituert helsedirektør i Norge, Geir Sverre Braut.

Underslag

NRK har fått innsyn i alle dei 26 sakene som gjeld Sogn og Fjordane det siste tiåret. Desse viser at det førekjem svært grove tillitsbrot.

Ein helsearbeidar stal pengar frå brukaren han hadde ansvar for. Vedkommande vart rekna som ueigna til å utføre yrket og vart fråteken autorisasjonen.

– Å underslå pengar frå brukarar er eit alvorleg tillitsbrot og representerer eit grovt brot på både samfunnsnormene og yrkesetiske normer, lyder konklusjonen til Statens helsetilsyn.

Seksuell karakter

Fleire av sakene handlar også om seksuelle handlingar.

– Ho sa at det etter dette byrja å kome inn på tema som erotikk og intimitet. Pasienten fortalde vidare at du ved to høve blotta deg for ho, skreiv Helsetilsynet i ei tilbakekalling av autorisasjonen.

Strengt lovverk

Sjølv om Norge har ei av dei strengaste lovene i Norge, slår helsedirektør Braut fast at det skal svært mykje til for å miste autorisasjonen.

– Går ein 20 år attende i tida, så er det ingen tvil om at ein i dag er strengare. Men slik det har vore dei siste åra, så ligg vi på kring 100 tilbakekallingar av autorisasjon som helsearbeidar kvart år, seier han og legg til at det heller ikkje er lett å få att autorisasjonen når den først er trekt attende.

– Vår røynsle er at Statens helsepersonellnemnd i dei aller fleste sakene er samd med vår avgjerd, seier han.