Hopp til innhold

– Kvivsvegen kan endre strukturar

Samfunnsøkonom Rolf Sverre Asp trur opninga av Kvivsvegen kan endre både flyplass- og sjukehusstrukturen i Nordfjord.

Kvivsvegen

ENDRING: Opninga av Kvivsvegen kan på sikt leggje viktige føringar for både sjukehus- og flyplasstrukturen på Nordvestlandet.

Foto: Arne Stubhaug (gopro) / NRK

Førstkommande laurdag opnar den mykje omtala Kvivsvegen, som vil gje ferjefri E39 frå Lote i Sogn og Fjordane til Festøya i Møre og Romsdal.

Rolf Sverre Asp i Oslo Economics trur dette på sikt kan leggje viktige føringar for flyplass- og sjukehusstrukturen på Nordvestlandet.

– Når ein får kortare tidsavstandar mellom ulike regionar, så vil også dette leggje til rette for rasjonalisering både for sjukehusstruktur og flyplasstruktur, seier han.

Kan rasjonalisere

Asp har vore med på å kvalitetssikre trasévala for E39. Her landa som kjent Statens vegvesen på ein indre trasé om Stryn, medan kvalitetsikringa i ein ny rapport tilrår E39 via hengebru mellom Anda og Lote, og så veg vidare til Stigedalen og Volda.

Medan politikarane avgjer kva som skal haldast oppe og kva som skal leggjast ned, kan kortare reisetid endre folk sine val av både flyplass og sjukehus.

– Når det blir kortare tidsavstandar, så legg også det til rette for rasjonalisering ikkje berre på sjukehus og flyplassar, men også annan offentleg infrastruktur, seier Asp.

Fryktar ikkje

Innan eit halvt års tid skal Stortinget avgjere om E39-traseen skal krysse Nordfjorden i midtre eller indre, eit vedtak som ifølgje Asp kan få stor betydning for både sjukehuset på Nordfjordeid og flyplassen i Gloppen.

Leiar Svein Hansen for sjukehusaksjonen i Nordfjord fryktar på si side ikkje at nye traséval skal gå utover sjukehuset i Eid.

– Vi jobbar som kjent for at det skal vere samarbeid mellom Volda og Nordfjordeid. Det er ikkje slik at det eine eller andre skal leggjast ned, her er det om å gjere å utfylle kvarandre og nytte dei kapasitetane som er naudsynte for å skaffe eit godt helsetilbod, seier han.