Hopp til innhold

Forstyrra natteroen til naboane

Med høg musikk heldt mannen i 20-åra naboane vakne. Så tok politiet ein telefon.

Politiet fekk i 04-tida melding om høg musikk og fest som øydela natteroa i Deknepollen i Vågsøy.

Syndaren var ein mann i 20-åra som lot det gå litt vel heftig føre seg i dei små nattetimane. Men då mannen vart oppringt av lovas lange arm, lystra karen pålegget om å avslutte festen.