Hopp til innhold

Usikker framtid for Vestkapphuset

Snart ni månader har gått sidan romjulsorkanen Dagmar raserte Vestkapphuset. Framleis er det lite eigaren kan seie om framtida for det kjente landemerket.

Vestkapphuset ni månader etter Dagmar

INNEGJERDA: Det har gått snart ni månader sidan orkanen Dagmar herja. Enno veit ikkje eigaren av Vestkapphuset kva som vil skje med bygget.

Foto: NRK-tipsar

Då Oddgeir Kvernevik reiste ut til Vestkapphuset tredje juledag i fjor vart han møtt av eit syn han aldri vil gløyme. Nesten alle vindauga var knuste av den sterke vinden og det låg materialrestar strødd langt utover.

No er det meste rydda opp, vindauga er tetta igjen og store gjerder sperrar turistar og andre ute. Men kva som skal skje med huset, kan Kvernevik ikkje svare på.

Sjølv om det snart har gått ni månader sidan øydeleggingane ventar han framleis på svar frå forsikringsselskapet.

– Eg trur nok ikkje eg har noko endeleg svar før på slutten av året, seier Kvernevik til NRK.no.

Så vidt veggane stod att

Vestkapphuset er ikkje til å kjenne igjen etter det forferdelege uvêret natt til andre juledag i fjor. På fjellet Kjerringa, heilt vest mot det svært så berykta Stadhavet fekk uvêret Dagmar verkeleg herje frå seg.

På grunn av uvêret kom ikkje Kvernevik seg ut til Vestkapphuset før 3. juledag. Alt på vegen opp mot platået fekk han eit forvarsel om at det stod svært ille til med huset.

– Langt nede i vegen fann eg materialrestar, og diverse ting frå huset som låg rundt om kring. Då eg kom heilt opp. Nei, det var ikkje noko morosamt, sa Kvernevik til NRK den gong.

Ein månad seinare fortalde Kvernevik at det var umogleg å få til drift av huset til sommaren i år. Også 2013 såg han mørkt på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vestkapphuset rasert av Dagmar

RASERT: Nesten alle vindauga på Vestkapphuset vart knuste i stormen.

Foto: Oddgeir Kvernevik

Usikker framtid

No, snart åtte månader seinare, har han framleis ikkje noko svar på kva som kjem til å skje med huset. Om delar av det skal rivast ned, eller om alt skal byggjast opp att, eller om det er noko heilt anna som kjem til å skje.

– Så lenge saka ikkje er ferdigbehandla hos forsikringsselskapet kan eg ikkje seie noko, seier Kvernevik.

For det er folk som lurer på kva som skjer. NRK har blitt kontakta av folk som er oppgitte over det dei ser når dei besøker det flotte utkikkspunktet på Vestkapp.

– Eg blir lei meg og synst det er trist at det framleis ser slik ut, seier ei kvinne NRK har snakka med.

Og at folk blir lei seg forstår Kvernevik godt. I ti år har han drive Vestkapphuset, men no veit han altså ikkje kva framtida vil bringe.

– Eg forstår at dei er frustrerte. Og kanskje blir dei endå meir frustrerte om det ikkje blir noko drift her neste sommar heller, seier han til NRK.no.

Avhengig av vêret

For det er ikkje noko lett jobb å skulle reparere det raserte Vestkapphuset. Vêret her ute er ikkje av det gjestmilde slaget og først når vêret er godt nok ut på våren neste år kan arbeidet med å fikse opp at huset starte.

– Det er berre nokre få veker på sommaren der vêret er godt nok til at vi kan arbeide med noko her, seier Kvernevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vestkapphuset ni månader etter Dagmar

TRYGGLEIK: Av omsyn til tryggleiken har eigaren sett opp gjerder rundt huset for å hindre at folk kan bli trefte av lause gjenstandar når vêret er dårleg.

Foto: NRK-tipsar

Håpar på ein snill vinter

Han håpar i det lengste at ein skal få opp att drifta til neste sommar, men alt kjem an på svara han får frå forsikringsselskapet. Og om vêrgudane er med på laget.

No konsentrerer han seg om ein ting, å sikre huset mot nye øydeleggingar denne hausten og vinteren.

– Gjerdet står så langt ute av omsyn til tryggleiken. Vi må sikre at folk ikkje kan gå så nære at dei kan bli trefte av lause gjenstandar om vêret er dårleg, forklarar Kvernevik.

– Eg har eit mål no, det er å passe på at det ikkje skjer ytterlegare skader på bygget denne vinteren.