Hopp til innhold

Ordførar kritisk til sivil ulydnad

Dersom det blir sjødeponi i Førdefjorden vil Natur og Ungdom ty til sivil ulydnad. – Det er å gå for langt, meiner ordføraren i Naustdal.

Håkon Myrvang

KRITISK: Dei varsla aksjonane om det blir gitt klarsignal til eit fjorddeponi i Førdefjorden, er noko ordførar Håkon Myrvang i Naustdal har lite til overs for.

Foto: Illustrasjon/ Vidar Gudvangen, NRK

I helga var 70 ungdommar frå Natur og Ungdom samla i bygda for å øve seg på nettopp sivil ulydnad. Her rasla dei med lenkene og fekk øve seg på korleis det er å sitje samanlenka, og korleis dei skal lage livet surt for dei som prøver å bere dei vekk.

Men å demonstrere slik mot det som vil vere eit lovleg fatta vedtak, det har ordføraren i Naustdal lite sansen for.

– Eg synst det er å gå for langt, seier Håkon Myrvang til NRK.no.

Nektar godta fjorddeponi

Det er den planlagde gruvedrifta i Engebøfjellet som er bakteppe for at Natur og Ungdom i helga øvde seg på sivil ulydnad i Naustdal. Planen om utvinning av mineralet rutil i fjellet på nordsida av Førdefjorden er nemleg omstridd.

Gruvedrifta vil bety 170 nye arbeidsplassar, men samtidig vil det bli dumpa overskotsmasse i fjorden i 40 år framover. Det er noko Natur og Ungdom ikkje kan akseptere. Blir det ja til planane vil dei vise det med sivil ulydnad. I helga var ungdomane samla for å øve seg på å lenkje seg fast til anleggsmaskiner og kvarandre.

– Vi har hatt lenkeøving der vi har kjent på korleis det er å sitje i hoplenka. Samtidig har vi øvd på korleis vi skal vere vanskelege og tunge å bere vekk, fortalde leiar i Natur og Ungdom, Silje Lundberg til NRK.no i helga.

Grundig prosess

Departement og faginstansar er usamde om konsekvensane, og ein ventar framleis på fleire utgreiingar. Kommunane Askvoll og Naustdal sa i mai i fjor ja til prosjektet.

– Vi hadde tenkt å bruke to år på denne konsekvensutgreiinga, vi har brukt fire. Det var for å få eit godt grunnlag, og i det grunnlaget låg også høyringa frå Natur og Ungdom, seier Naustdal-ordførar Håkon Myrvang.

At organisasjonen seier dei vil bruke sivil ulydnad for å vise sin motstand mot eit eventuelt klarsignal, er ordføraren kritisk til.

– Vi har hatt ein veldig grundig og god prosess i denne saka. Alle har fått vere med på høyringar og alle har fått uttalt seg, seier han.

Håpar han slepp å sjå lenkegjengen

I haust avgjer Miljøverndepartementet om det blir sjødeponi eller ikkje. Seier dei ja, står mange klare til å aksjonere, seier Lundberg.

– Vi har allereie begynt å samle lister og responsen er veldig stor, seier leiaren i Natur og Ungdom.

Men Myrvang vil verken sjå eller høyre lenkjer i Vevring.

– At ein skal ha sivil ulydnad når ein har fatta eit lovleg vedtak, det synst eg ikkje noko om.