Hopp til innhold

«Uansett kor normalt liv eg får, vil sjølvskading alltid vere del av meg»

Sidan ho var 15 år har «Maria» (24) skada seg sjølv og sett arr på armane for å kjenne at ho lever. Heile 10 prosent av alle unge jenter kan ha skada seg sjølv ein eller fleire gonger.

Sjølvskading

DJUPE SPOR: Tunge psykiske utfordringar og ein tøff oppvekst har sett sine fysiske spor i huda til den 24 år gamle kvinna.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det kan vel eigentleg forklarast som eit press, eit trykk som kjem frå innsida, med mange av dei kjenslene eg ikkje har ord på. Eg føler at dei slepp ut når eg skadar meg. Eg vert letta innvendig, fokuserar på det eg gjer og får litt avstand.

Den unge jenta held hendene kring kaffikoppen. På den venstre handa er det spor. Tett i tett med arr som aldri vil gå vekk. Teikn frå ein tøff oppvekst og eit vaksenliv prega av motgang og motløyse. Oppover begge armane er det gamle arr og nye sår som skal legast.

– Litt av problemet er at eg veit at sjølvskadinga gjev meg ei god kjensle, av og til tenkjer eg at no er det lenge sidan eg har gjort og at no må eg gjere det.

Ti prosent har prøvd

Men «Maria» er slett ikkje åleine om å ha det slik. Ekspertane reknar med at om lag 10 prosent av alle unge jenter har skada seg sjølv ein eller fleire gonger. For dei fleste er dette eit rop om hjelp, eit rop om at nokon «må sjå meg».

Arnhild Lauveng

BLEI FRISK: Arnhild Lauveng var alvorleg psykisk sjuk som ung og dreiv med sjølvskading. I dag er ho psykolospesialist.

Foto: Annar Berg

Ei av dei som verkeleg valde å vere open om problema sine var Arnhild Lauveng, som i dag arbeider som psykolog.

I 2005 gav ho ut boka «I morgen var jeg alltid en løve». Der fortel ho direkte og heilt ærleg om korleis ho klarte å kjempe seg ut av schizofrenien og sjølvskadinga.

– Det er viktig generelt på eit samfunnsplan at vi er opne, at vi snakkar om det og at det er eit tema som det kan snakkast om. Men det blir eit val for kvar einskild om ein ønskjer å vere open. For meg var det viktig fordi det er ein så stor del av livet mitt. Det kan ikkje skjulast likevel, men eg venta med å vere open til det var eit tilbakelagt stadium, fortel Lauveng.

I dag er Arnhild Lauveng psykologspesialist ved Akershus universitetssjukehus, og møter unge sjølvskadarar på nært hald.

– Det er klart det er eit håp. Det er veldig, veldig mange som sluttar med sjølvskading. Det veldig mange opplever er at ein kan få ord på kjenslene sine og dermed unngå å måtte handtere smerten gjennom sjølvskading.

Skadar seg kvar dag

Heime i bygdebyen Førde prøver «Maria» å skjule arra og såra. Men tankane er tunge og nær kvar dag tyr ho til sjølvskadinga.

– Slik det har vore den siste tida no så brukar eg sjølvskadinga for å slutte å grine. Det er vel eigentleg det første eg tenkjer på når deg står opp og heile dagen går ut på å unngå å skade meg. Men det ender som oftast med at eg må gjere det. Kjenslene er så intense og det handlar eigentleg om sjølvskading heile døgnet, seier «Maria».

– Men er det slik at den fysiske smerten gjer at du slappar meir av frå den psykiske?

– Ja, som oftast så kjenner eg ikkje at smerten når eg skadar meg. Det er det som er litt skummelt med det og, ein kan ofte feilrekne. Ein er så vekke i den psykiske smerten at ein ikkje kjenner det ein gjer.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sjølvskading

VIL SLUTTE: Ho vil gjerne bryte sirkelen og klare å slutte med sjølvskadinga og leve eit normalt vaksenliv. Men korleis, det veit ho ikkje.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Mange legebesøk

For ho og mange av dei andre som driv med sjølvskading fører det med seg mange mange og smertefulle turar til legevakta. «Maria» opplever at forståinga for handlingane er betre no enn då ho starta med sjølvskadinga for ti år sidan.

– Det har vore veldig ulikt. Nokon er veldig, veldig flinke. Særleg mange yngre, fordi dei kanskje har hatt om dette på legestudiet. Dei eldre blir meir slik at «du tek opp plass» og «er du her no att». Men likevel så føler eg at dei fleste forstår det betre no etterkvart.

Kor mange gonger ho har vore til legevakta for å sy, eller bli behandla for overdosar av medisinar veit ho ikkje. Ho har mista teljinga, også fordi dei gongene ho verkeleg har hatt behov for førstehjelp, så vert minnene sletta.


Armane fulle av arr

«Maria» vert taus, drikk av kaffikoppen og ser ut over elva Jølstra som renn flaumtung gjennom Førde.

– Kan eg få sjå armane dine?

Utan å svare dreg ho varsamt opp armane på gensaren. Den høgre armen er full av kvite arr, den venstre armen er full av arr og av nye sår. Djupe spor frå eit tiår med nær dagleg sjølvskading.

– Eg var 14 år og hadde ei venninne som gjorde det. Ho sa at det hjalp for ho, så det var difor eg prøvde det. Eg følte at det ikkje var noko for meg, så det gjekk faktisk enda eit år før eg prøvde det igjen. Då fann eg ut at det hjalp. Då byrja eg med det fast.

– Har du sidan følt eit konstant behov for å skade deg?

– Ja.. For sjølv om det har vore periodar der eg har vore skadefri, så har eg alltid kjent at det er ein ting eg har gjort heile vegen. At eg anten har kjempa mot det, eller gjort det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Mehlum

FORSKAR: Professor Lars Mehlum meiner at press i samfunnet kan auke faren for sjølvskading.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Veksande problem

På Nasjonalt senter for selvmordsforskning og forebygging i Oslo leiar professor Lars Mehlum eit omfattande, nytt forskingsprosjekt knytta til sjølvskading. Som ein av landets fremste ekspertar på området, ser han ein klar samanheng mellom det genetiske grunnlaget og miljøet kring oss.

– Det vi veit er at det ofte handlar om eit samspel mellom sårbarheit som vi har med oss frå fødselen og miljøpåverknad. Det som skjer i ein familiesituasjon eller i nærmiljøet fører til at ungdomen vil få problem med å regulere kjenslene sine, seier Mehlum.

– Problemet er å klare å halde seg fast i si eiga gode sjølvkjensle. Risikoen er då at det kan føre til risikoadferd som sjølvskading, eteforstyrrringar eller rusbruk. I staden for å bruke sunne mekanismar, så bruker ein desse til å regulere kjenslene, sler professoren fast.

– Sjølvskading er farleg

Den førebels siste rapporten han var med og skreiv synte tydeleg at sjølvskading er eit omfattande samfunnsproblem.

Blant over 3000 elevar i vidaregåande fann dei tal som synte at over 10 prosent av jentene hadde prøvd å skade seg sjølv minst ein gong.

– Sjølvskading verkar jo. Det får faktisk kjenslene til å bli mindre vonde i augneblinken, men på lang sikt så kan det føre fram til skamkjensle, skuldkjensle og kjensla av å vere annleis. På det fysiske planet så er det jo farleg. Det utviklar seg ofte til å bli meir og meir farleg kutting og skading med arrdanningar og skade på organ, etterkvart til og med livstrugande skader.

Slik det har vore den siste tida no så brukar eg sjølvskadinga for å slutte å grine

«Maria» (24)

Skriving og bilete kan trigge

Mange, særleg unge jenter, deler tankar om si eiga sjølvskading via bloggar og nettforum. «Maria» er sjølv ein av desse, og ho innrømmer at det å vere open på nettet kan vere med og trigge meir sjølvskading.

– Dersom andre skriv om kva dei har gjort eller om ein ser bilete av arr og kutt, så er det veldig lett å få lyst til å skade seg. Eg har vore med i debattforum der det har vore veldig utleverande om korleis ein har skada seg, men også andre forum der ein ikkje har lov å seie at ein har vore og sydd eller skada seg, seier den unge kvinna.

Psykologspesialist Arnhild Lauveng meiner at det å dele erfaringar og tankar via internett kan vere både godt og gale.

– Det er vanskeleg for mange å vere opne når dei framleis sjølvskadar seg. Det kan vere nyttig for mange, men det kan skape situasjonar som gjer at dei vert fanga i det. Om ein legg ting ut på nett og bloggar, så vil det jo bli liggande der veldig lenge. Eg trur det er lurt å tenkje seg om, seier Lauveng.

Ho vil på ingen måte mane til varsemd, og sler klart fast at det vil vere opp til kvar einskild korleis ein kan takle openheit eller ikkje.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dekkjer til arra

«Maria» har både via nettet og vener blitt kjend med mange andre som skadar seg sjølve i større eller mindre grad. Dette fellesskapet er viktig, meiner ho.

– Alle gjer det av ulike årsaker. Sjølv om vi har arra og såra til felles, så er det ulike grunnar som dreg oss mot skadinga.

Ho vert ettertenksam, vil ikkje fortelje så mykje om barndomen og oppveksten. Ho har flytta mykje, prøvd seg i ulike jobbar og har studert.

Utad er det umogleg å sjå at dette er ei kvinne med så tunge tankar at ho føler dagleg behov for å skjære seg sjølv. Det å gå på stranda, eller gå i T-skjorte om sommaren vert for tøft.

– I slike situasjonar angrar eg på at eg har gjort det. For det er vanskeleg å innrømme at eg har gått laus på meg sjølv. Men er eg med folk som veit om det så prøver eg å drite i det. Det er ein del av meg og arra vil alltid vere der. Eg kan ikkje gøyme meg vekk for alltid.

Påverka av samfunnet

På kontoret sitt på Gaustad i Oslo ser professor Lars Mehlum med faglege auge på samfunnet, og på korleis det er i sterk endring. Endringane som fører til at mange unge vel å skade seg sjølve for å døyve smerten som krav og gruppepress fører til.

Lars Mehlum

EKSPERT: Professor Lars Mehlum.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Krava som dei unge føler at dei vert møtt med er ganske store. Du skal ha ein ståstad, du skal synast og du skal lukkast. Mediene fortel om korleis det er normalt å ha det, at ein er elska, at ein er vakker, at du må ha god utdanning og pengar.

– Kva fører det til for dei unge og usikre?

– Dersom ein er uerfaren, ung og ny i samfunnet og i livet så er det ikkje så lett å forstå at dette ikkje er slik dei fleste har det. Ein kan føle seg mislukka og at det må vere noko gale med meg når du ser alle rundt deg. I det rike Norge så er det lett å gå seg vill. Det er pussig nok og paradoksalt nok at i vårt rike velferdsland med så mange gode ordningar, så er det meir stressande for mange ungdomar å klare seg, seier Mehlum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sjølvskading

HAR TRUA: Ringen til «Maria» har teksten Believe. Ho har sjølv tru på ei framtid utan den øydeleggjande sjølvskadinga.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Har ein draum om å slutte

«Maria» er glad for at det finst forskarar og fagfolk som tek ho og andre sjølvskadarar på alvor. Som faktisk forstår at det er ein grunn til at behovet for å setje arr på seg sjølv er heilt reelt for den det gjeld.

– Eg set stor pris på at folk rundt meg velger å seie at nok er nok. Det tyder jo at det er kome til eit punkt der det kanskje ikkje er like bra å halde fram lenger. At det ikkje berre er eg som vil stoppe det som skjer.

«Maria» tek ein slurk av kaffien og smiler. Sjølv om vegen til vaksenlivet har vore smal og vanskeleg å ta seg fram på, har ho ei sterk von om ei skadefri framtid.

– Eg må jo ha det å jobbe fram mot. Eg kan jo ikkje tenkje at eg skal gjere dette resten av livet liksom. Det veit eg med meg sjølv at ikkje kjem til å skje. Men eg vil nok alltid ha det med meg, og eg vil aldri kunne løpe frå det. Uansett kor normalt liv eg får, så vil sjølvskadinga alltid vere ein del av meg i framtida også.

Ho tek siste slurken av kaffikoppen, bak oss høyrer vi bruset frå den flaumstore elva. «Maria» tenkjer før ho svarar.

– Eg skal ikkje vere sjølvskadar heile livet, det skal eg ikkje.