Hopp til innhold

Slik skal dei stoppe fjorddeponi i Førdefjorden

70 deltakarar frå Natur og Ungdom har brukt helga til å øve seg på sivil ulydnad. Laurdag terpa dei på korleis dei kan bli vanskelegast mogleg å bere vekk når dei er ihoplenka.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

video natur og ungdom_MPEG4_16x9


– Vi har hatt lenkeøving der vi har kjent på korleis det er å sitje i hoplenka. Samtidig har vi øvd på korleis vi skal vere vanskelege og tunge å bere vekk, seier leiar i Natur og Ungdom, Silje Lundberg.

– Men har eigentleg sivil ulydnad noko som helst funksjon?

– Ja, det har det. Sjølvsagt skal det vere ein ikkje-valdeleg demonstrasjon, men vi har noko av eksempel på at det nyttar, seier Lundberg.

Meiner det har effekt

Ho peikar på at mellom anna under gasskraftkampen på 90-talet så vart sivil ulydnad nytta som eit verkemiddel.

– Og det fungerte. Det gjorde det også då Hydro ville plassere ein leiterigg i Lofoten, seier Lundberg.

Men ho er klar på at dei som deltek må vere dedikerte til oppgåva, og vite kva dei går til.

– Målet er sjølvsagt å sleppe dette. At det held med at vi raslar med lenkjene. Men må vi, så må vi, seier Lundberg.

– Kva er straffa for denne type ulydnad?

– Det er å rekne som ein misferd, ikkje ei brotsverk. Det ein får på rullebladet blir på same måte som ei trafikkbot, seier Lundberg.

Vil syne engasjement

– Kva håper de å få ut av denne campen?

– Vi ønskjer å vise den store motstanden mot sjødeponi i Førdefjorden. Vidare ønskjer vi at politikarane skal sjå at det er eit stort folkeleg engasjement for denne saka over heile landet, samt at vi varslar at dersom dei held fram med prosjektet, så tyr vi til sivil ulydnad, seier Lundberg.