Hopp til innhold

Har brukt 50.000 timar på denne hallen

30–40 mann har i eitt år jobba på spreng for å gjere ferdig den nye fleirbrukshallen i Hornindal på vel 3000 kvadratmeter. I dag kunne honndølene juble.

– Dette blir ei ny storstove for kommunen. Dette er ein fleirbrukshall som skal brukast både av skulen, kulturen og idretten. Så dette gler vi oss veldig til, seier ordførar i Hornindal, Anne-Britt Øen Nygård.

Totalt har hallen kosta 53 millionar kroner, men det trur ordføraren det er verdt.

Men det har vore mykje diskusjon før hallen vart til.

– Vi dreiv på lenge og lurte på kor hallen skulle stå. Til slutt vart det midt på skuleområdet, og det trur eg er ei god løysing, seier Nygård.

Har jobba to meter frå skulen

For totalentreprenør Opal entreprenør har det vore eit spesielt år.

– Vi har hatt alt frå arkitektbiten til utvasking, så vi har fått eit nært forhold til bygget kan du seie, seier prosjektleiar Ole Petter Henden i Opal entreprenør.

Byggjearbeidet har gått etter planen og halde tidsskjema, og han rosar alle involverte.

– I tillegg har vi bygd to meter frå ein skule med 200 elevar, og det har sine utfordringar. Men det har gått kjempefint på alle måtar, seier Henden.

(Artikkelen held fram under videoen)

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

honndalen_MPEG4_16x9

Hallen er på 3000 kvadratmeter, fordelt på 2000 kvadratmeter i første etasje, og 1000 i andre etasje. Sistnemnde husar både nye lærarrom, samt klasserom.

– Det er alltid kjekt å vere med på noko som betyr mykje for mange, og det trur eg denne hallen verkeleg gjer, seier Henden.

Ser fram til nye moglegheiter

Leiar i idrettslaget i Hornindal, Robert Grodås, er svært glad for at hallen no står ferdig.

– Vi har venta på skikkelege treningsfasilitetar i mange år. Endeleg har ein fått opp eit bygg som det står respekt av, seier Grodås.

Han trur dette har mykje å bety for idretten i kommunen.

– Dette gir oss moglegheiter vi ikkje har hatt før. No kan vi arrangere turneringar og vise fram bygda vår, invitere folk, spele volleyball- og handballkampar på høgt nivå, og det har bygda venta på lenge, seier Grodås.

Vil bety mykje for skulen

Alt om ein knapp månad vert det fylkesmeisterskap i volleyball i hallen, og det gler Grodås seg til.

– Det blir den sportslege opninga av hallen, og vi håpar på ein del gjester både frå krins og forbund. Søndag er det herrefinale mot Førde VBK, og det ser vi fram til, seier Grodås.

Også rektor ved Hornindal skule er glad for det nye bygget.

– Dette er ein merkedag både for skulen og for bygda. Dette er ei stor forbetring. Med ein så stor hall kan vi ha fleire gymtimar samtidig, seier rektor Gro Mikalsen Hundeide.