Hopp til innhold

Betalte reise - dømd for smørjing

Ein tilsett hos bussprodusenten Vest Buss i Stryn er i Oslo tingrett dømd til 45 dagar i fengsel på vilkår for korrupsjon.

Mannen skal ha tilbydd og betalt ei reise til VM i skiskyting i Ruhpolding for tre tilsette i Unibuss, som er eit transportselskap og storinnkjøpar av bussar til Oslo-området.

– Vi synest sjølvsagt ikkje det er kjekt å få ein dom. Men om vi ser tilbake på kva som har vore vanleg praksis tidlegare, så har det vore heilt greitt å ta med kundar på sportsarrangement og andre arrangement, seier dagleg leiar Per Dag Nedreberg i Vest Buss Gruppen.

– No har dette blitt gradvis stramma inn – og det har også vi gjort på det vi har delteke på, forklarer han overfor NRK.no.

– Har full tillit til eigen tilsett

Dei Unibuss-tilsette hadde ifølgje dommen frå tingretten ansvar for innkjøp og vedlikehald av bussar i selskapet sitt. Reisa var utan fagleg innhald og gav dei to fordelar som bryt med lovverket.

Mannen har tilstått forholda. I retten vart han dømd til 45 dagar i fengsel på vilkår. Han må også betale ei bot på 30 000 kroner.

– Eg har full tillit til vår tilsette. Det som tidlegare var lov, har no komme i inn i ei gråsone. No har vi stramma inn, og er veldig påpasselege med å skilje mellom det faglege og det sosiale når vi har eit arrangement, seier Nedreberg.

Betalte til slutt av eiga lomme

Ifølgje den daglege leiaren var turen til VM i Ruhpolding i utgangspunktet tenkt kombinert med fagleg innhald. Av ulike grunnar vart denne delen etter kvart teken ut.

– Då vart det eit reint sosialt arrangement, og då kjem to ting inn – det skattemessige og at ein kan tolke dette som ein fordel for kunden, seier Nedreberg.

– Det er alvorleg når det snakk om korrupsjon?

– Ja, vi ser alvorleg på denne saka. Difor har vi i etterkant fakturert dei tilsette i Unibuss. Det som derimot skjedde, var at den ansvarlege hos oss syntest det heile var så flautt, at han tok av sine eigne pengar og betalte dette, seier Nedreberg.