Hopp til innhold

Gjengangar fengsla i fire veker

Ein nordfjording i 20-åra er varetektsfengsla i fire veker for ei lang rekkje lovbrot siste månadene.

Fjordane tingrett

MØTTE IKKJE: Den varetektsfengsla mannen i 20-åra samtykka til varetektsfengsling og møtte ikkje i retten for å få rettsavgjerda.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen, som tidlegare i veka vart arrestert i Eid etter eit innbrotsraid, samtykka sjølv til varetektsfengsling.

Karen i 20-åra er tidlegare dømd for ei lang rekkje forhold og er no sikta for ti nye brot på straffelova og to brot på vegtrafikklova.

– Aktiv periode

Innbrot ved bensinstasjon på Stårheim

STÅRHEIM: Mannen i 20-åra tok seg inn i bensinstasjonen ved hjelp av brekkjarn.

Foto: Privat

Mannen er mellom anna sikta for innbrot, grove tjuveri, bilbrukstjuveri og vald, mellom anna mot polititenestemenn.

Tysdag vart han arrestert for båttjuveri, innbrotsforsøk i båt og innbrot i ein bensinstasjon. Mannen nekta å forklare seg for desse innbrota før fengslingsmøtet.

– I den siste tida har han vore svært aktiv. Vi har i samråd med juristen på saka funne ut at no vil vi setje ein strek, så difor vert mannen framstilt for varetekt, sa lensmann Webjørn Moa i Eid.

Aktiv periode

Gjennom dette vesle vindauget tok tjuven, eller tjuvane, seg inn i butikken.

INNBROT: Gjennom eit lite vindauge i porten tok mannen seg inn i Bunnpris-butikken.

Foto: Inge skavøypoll

Auka aktivitet er også eit av argumenta Fjordane tingrett la vekt på då mannen vart fengsla torsdag. Retten la til grunn at forholda han no er sikta for, har samanheng med rusbruk.

Mannen vart også arrestert i mai etter at han tok seg inn og tømde Bunnpris-butikken i Holvik i Vågsøy for tobakksvarer. I samband med innbrotet stal og krasja mannen også ein bil. Desse forholda har mannen erkjent.

Bilen som var nytta til innbrotet i Vågsøy.

KRASJA: Mannen er sikta for bilbrukstjuveri.

Foto: Politiet

Politiet prøvde med meldeplikt for mannen, men også denne har mannen brote.

– På trass pågriping og fengslingssurrogat i form av meldeplikt, har sikta den siste tida vist at han ikkje evnar å avstå frå å gjere seg skuldig i ny kriminalitet, skriv tingrettsdommar Ida Kristin Bøen.