Hopp til innhold

Fekk 15.000 i bot for flyging i nasjonalpark

Ein helikopterpilot må betale 15.000 kroner i bot etter at han flaug ulovleg i Jostedalsbreen nasjonalpark i fjor.

Det var i juni i fjor at piloten landa fleire gonger enn det løyvet hans gav han lov til.

Helikopterselskapet piloten flaug for gjekk fri, medan piloten må betale frå eiga lomme.

– Det vart gjort ut frå ei totalvurdering av saka. I denne saka såg ein det som mest omsynsmessig å reagere mot piloten personleg, seier politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg.

Vedtok bota

Politiadvokaten seier dei retta etterforskinga både mot helikopterselskapet Helikopter-Utleie AS og piloten, etter at Nasjonalparkstyret meldte aktiviteten til politiet.

Piloten sjølv vil ikkje kommentere saka. Politiet ser på saka som avslutta.

– Piloten har vedteke bota og forholdet blir sett på som avslutta hos oss, seier Stegegjerdet Norberg.