Hopp til innhold

Her kan du gløyme sommardekk

Det blir meldt om snø og vanskelege køyreforhold over Sognefjellet fredag morgon. – Der er det berre å gløyme sommardekk no, opplyser Statens vegvesen.

Sognefjellshytta

UTFORDRANDE: Snøen ligg tjukk ved Sognefjellshytta.

Foto: Webkamera

Det er i morgontimane ruskete vêr på fjellovergangane. Vegmeldingssentralen i Lærdal har førebels ikkje fått tilbakemelding frå alle overgangane, men melder om vanskelege køyreforhold på fylkesveg 55 over Sognefjellet.

I tillegg er fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet stengd på grunn av uvêr.

– Entreprenørane er ikkje byrja for fullt med vinterberedskapen, så vi har ikkje fått tilbakemelding frå alle overgangane endå. Vi har heller ikkje høyrt mykje frå bilistane førebels, seier vaktoperatør Jan Erikstad.

Uvêr i vente

Det som er klart er at snøen ligg godt på Sognefjellet, men Erikstad ventar at vegen vil vere farbar om nokre timar.

– Men sommardekk over Sognefjellet er ikkje heilt positivt, seier han.

Dei neste timane er også uvêret venta å setje inn for fullt på Vestlandet. Det er førebels uklart korleis dette vil slå ut for fjellovergangane.

– Det ser ut som om det blir mildvêr, og at det vil komme ein del nedbør. Sognefjellet er mest utsett for snø, men også her er det uklart om nedbøren kjem i form av snø, seier Erikstad.