Hopp til innhold

No står stormane i kø utanfor Vestlandet

Stormane står i kø på kysten utanfor Vestlandet. Einaste trøysta er at det kjem ein ny storm kvar einaste dag.

Stormar

VÅTE GREIER: Lågtrykka og stormane er klare til å slå innover Vestlandet.

Foto: Yr.no

– No får vi endå fleire hauststormar på besøk, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Anna Reistad.

Og det er ikkje å ta for hardt i. For utanfor kysten av Vestlandet ligg stormane og dermed også lågtrykka i kø. Lang kø.

Det er restane av dei tropiske stormane «Leslie» og «Michael» som slår seg i hop til eit ekstratropisk lågtrykk med svært mykje vatn.

– Nedbørsmengda blir stor. Det blir samanhangande regn med sterk vind. Det kan forårsake jordskred einskilde stader, seier Reistad.

Ventar nesten 100 mm på 24 timar

Nordfjord er venta å få dei største nedbørsmengdene, mest i ytre og midtre strøk.

– I tillegg blir det ein del nordaust for Sognefjorden, seier Reistad.

Nedbørsmengda vil variere ein del frå stad til stad, men det blir vått over heile fylket. Og på dei mest regnvåte stadane kjem det mykje.

– Dei verste stadene kjem opp i mellom 70 og 90 millimeter på 24 timar. På 12 timar blir det mellom 30 og 40 millimeter. Men det verste er at det samtidig vert sterk vind, seier Reistad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vervarsel

VÅTT OVERALT: Det blir store mengder regn i heile fylket.

Foto: Yr.no

Melder full storm ved Stadt

Det kjem også til å blåse opp i sterk kuling på utsette stader.

– Nord for Sognefjorden blir det liten storm. Natt til fredag vert det kortvarig full storm ved Stadt, seier Reistad.

Men frå fredag ettermiddag kjem vinden til å minke ned i vestleg liten kuling, og om kvelden blir det nordvest frisk bris.

– Det vert regn og utrygt for tore, men om kvelden blir det minkande bygeaktivitet, seier Reistad.

Men tru ikkje at stormen er over for det. For stormane som perler på ei snor og berre ventar på å slå inn over Vestlandet for fulle mugger.

– Laurdag kjem det ny storm. Dagen startar med vestleg frisk bris som dreiar sørvest. For det meste vert det skya og regnbyer, seier Reistad.

Og meir skal det bli

Det vil også komme snøbyer i høgfjellet. Frå laurdag ettermiddag er det venta sørvest bris og liten kuling på utsette stader. På kvelden blir det liten storm ved Stadt.

– Det blir regn og lokal tåke. Men om kvelden blir det bitte litt lettare vêr, seier Reistad.

Og søndag er det på an igjen.

– Det er akkurat same leksa, mykje regn, yr og tåke, samt vind som aukar til storm, seier Reistad.

Temperaturane vert mellom 12 og 14 grader laurdag og søndag, samt sludd i høgfjellet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Restene av Leslie og Michael slår seg sammen til ett lavtrykk

FREDAG: Biletet er ein prognose for fredag. Dess meir gult og raudt, dess kraftigare vert nedbøren frå dei tropiske stormane.

Foto: Meteorologisk institutt

Auka fare for jordskred

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut varsel om mykje nedbør og fare for aukande vassføring, noko som kan gi overfløymingar og auka fare for jordskred.

– Det er meldt mykje regn over heile Vestlandet. Vassføringa i elvar og bekkar kan stige, så vi har sendt ut eit flaumvarsel på lågaste nivå. Det betyr at vassføringa kan auke monaleg, men vi ventar ikkje nokon skadeflaumar, seier vakthavande hydrolog i NVE, Elin Langsholdt.

Grunna det langvarige regnvêret som har vore på Vestlandet ei stund, er jorda dei fleste stader metta med vatn.

– Når det no kjem store mengder vatn, vil store mengder lausmassar vere ustabile, og dei kan dermed rase ut, seier Langsholdt.

Hald eit auge med omgjevnadene

Dette gjeld spesielt i terreng med bratte skråningar, og langs elvar og bekkar med stor vassføring.

Langsholdt ber folk som ser teikn til utglidingar i terrenget om å melde ifrå.

– Det viktigaste er å følgje med på omgjevnadene rundt seg, seier Langsholdt.

Å sørgje for frie dreneringsvegar og elveløp, samt vise varsemd når ein ferdast i nærleiken av elvar, er også lurt.

– I mindre bekkar og elvar vil vassføringa søkke ganske raskt etter at regnvêret har roa seg, medan det vil vare noko lengre i større elvar. I innsjøar vil det stige i endå lengre tid etter at regnet har gitt seg, seier Langsholdt.