Hopp til innhold

Her må dei koke vatnet

Det er oppdaga bakteriar av typen enterokokker ved Skjolden vassverk. Fram til nærare beskjed blir gitt, blir bebuarane i Skjolden bedde om å koke vatnet.

Skjolden

MÅ KOKE: Fram til dei får nærare beskjed, må dei som får vatn frå Skjolden vassverk passe på å koke drikkevatnet sitt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Resultata kom fram under ein rutinemessig kontroll. Det analyserte resultatet synte at det er enterokokkar i vatnet, seier sakshandsamar Ingrid Marie Slinde.

Enterokokkar er ei gruppe bakteriar som tidlegare høyrde til i gruppa fekale streptokokkar, men som no vert rekna som ei eiga slekt. Denne bakterien finst normalt i tarmfloraen hjå menneske og dyr.

Truleg skit som er årsaka

Det er såleis grunn til å tru at det er skit frå dyr eller menneske som er årsaka til ureininga.

– Det er stort sett det som er årsaka, seier Slinde.

Ho presiserer at ein kan verte sjuk av slike bakteriar.

– Det er alvorleg, så det er viktig at folk kokar vatnet, seier Slinde.

Har UV-stråling av vatnet

Det vil bli teke nye prøvar som er ferdig analyserte i slutten av neste veke.

– Det trengst tre prøvar med utslag for å slå fast at det er ein bakterie der, seier Slinde.

Ho legg til at Skjolden vassverk har UV-stråling av vatnet, og difor skal ikkje slike situasjonar oppstå.

– Men ein kan aldri vere heilt garantert, seier Slinde.