Hopp til innhold

Skumla fontena ved Eid kyrkje

Ei skumlagd fontene var synet som møtte mange på Nordfjordeid i dag tidleg.

Skumlagd fontene på Nordfjordeid

SKUMLAGD: Slik såg det ut på Nordfjordeid torsdag morgon.

Foto: Inger Træen/Fjordabladet

Fjordabladet skriv at endå ein gong har nokon hatt det moro med å skumleggje vatnet. Fontena ligg nord for Eid kyrkje og er ofte utsett for hærverk. Onsdag kveld skjedde det altså igjen.

Vinden spreidde såpeskummet over riksvegen, plenen og trea som står i nærleiken. I dag tidleg måtte tilsette i Eid kommune ut for å rydde opp.

– Det krev ekstra ressursar når vi må rydde opp i slikt. No vil vi tappe ut vatnet og stenge av fontena for vinteren, seier avdelingsingeniør Dag Petter Leite.

Hærverket er ikkje meldt til politiet, men det kan skje dersom kommunen får tips om kven som står bak.

Skumlagd fontene på Nordfjordeid

SKUMLAGD: Vinden har spreidd skummet til plenen og trea rundt.

Foto: Inger Træen/Fjordabladet