Hopp til innhold

Difor blir Filefjell framleis stengd

Etter at det igjen rasa i fjellskjeringa ved Maristova, vert E16 permanent stengd dei neste vekene.

Filefjell

STENGD: Dette raset stengjer Filefjell.

Foto: Statens vegvesen

På grunn av utbetringsarbeid på Filefjellet, skulle vegen etter planen vere stengd vekedagane fram til 12. oktober.

No blir vegen permanent stengd til same datoen etter ei større utgliding frå fjellskjeringa.

– Entreprenøren har lova å gjere det dei kan for å rydde og sikre vegen. Dei skal også ha ressursar nok til at arbeidet skal skje så raskt og effektivt som råd, seier prosjektleiar Oddvin Ylvisaker.

Andre gong

Ein geolog var tidlegare denne veka på staden saman med byggherre og entreprenør. Dei konkluderte med at arbeidet med å opne og sikre vegen vil vere så omfattande og utfordrande at det ikkje let seg gjere før tidlegast 12. oktober.

Det same skjedde også etter ei sprenging tidlegare i september. Etter dette vart det uråd å opne vegen til helga 7.-9. september .

Store steinblokker og steinmassar rasa ut og ned i vegen, og slo også sund ein mellombels mur på nedsida av vegen.

Smedalsosen - Borlaug

STENGD: Her har E16 vore stengd i fleire veker på kvardagar, medan det i helgene har vore ope. Men etter eit nytt steinras, blir vegen heilt stengd i ein månad.