Hopp til innhold

Mann (76) moderat skadd i ulukke

Ein 76 år gamal mann blir send til Haukeland universitetssjukehus etter ei trafikkulukke i Hornindal onsdag kveld.

Førar moderat skadd etter trafikkulukke i Hornindal.

MODERAT SKADD: Den 76 år gamle føraren vart moderat skadd i trafikkulukka onsdag. Torsdag føremiddag vart han frakta til Haukeland Universitetssykehus.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Mannen kom køyrande på fylkesveg 60 då bilen for utfor vegen på ei rett strekkje og krasja i eitt tre.

– Mannen har halde rett fram, kring 200 meter over eit jorde, før bilen trefte ein rundballe og stogga i eit tre. Airbagen i bilen har slått seg ut, så det har vore ein kraftig kollisjon, fortel politibetjent Eivind Bjørke ved Eid lensmannskontor.

Medisinsk årsak

AMK opplyser torsdag føremiddag at mannen er moderat skadd etter ulukka, og at han ligg på intensivavdelinga ved Førde sentralsjukehus. På grunn av skadens art blir mannen flytta over til Haukeland.

Politiet opplyser at mannen truleg fekk eit illebefinnande og difor køyrde av vegen.

– Då politiet kom til staden hadde mannen fått behandling på staden. Helsepersonell hadde fått mannen med seg i helikopter til Førde, opplyser Bjørke.