Hopp til innhold

– Her var det sirkus, gitt

– Slik er det når det blir sirkus, humrar yrkessjåfør Jan Martin Aasen i Arve Åsen Transport. Torsdag morgon måtte han ut på ein 95 kilometer lang omveg for å komme fram til Bremangerlandet.

Sirkusbilar stod att på ferjekaien.

TOMT: Då Førdefjord kom attende til avgangen 0845, var det berre ein sirkusbil og tre bilar med campingvogn att av reisefølgjet frå Sirkus Zorba.

Foto: Arild Leirgulen

For ved Kjelkenes vart Jan Martin Aasen og yrkesjåførkollegaer i Nistad Transport og Transferd møtt av ei ferjekai full av sirkusbilar.

Dermed glapp dagens første ferjeavgang klokka 0645. Yrkessjåførane rekna seg fram til at dei mest truleg måtte vente til fjerde avgangen klokka 12.15. Dermed vart det ein ufrivillig sightseeing i kystkommunen.

– Vi rekna raskt ut at vi ikkje kom med første og andre ferja, og truleg heller ikkje den tredje. Så då var det berre å køyrer rundt, fortel Aasen.

– Her blir det sirkus

– Vi berre smilte og lo, og tenkte med oss sjølve at her blir det sirkus. Vi vart samde om å køyre saman for å spare mykje tid, humrar han om sin første reaksjon då han såg den fulle ferjekaien.

Ferja Førdefjord på Skavøypollen

FULLT: Det var regelrett sirkus om bord på ferja Førdefjord i morgontimane.

Foto: Jostein Hals

Omkøyringa er 95 kilometer lang, og tek halvannan time. Ferjeturen frå Kjelkenes til Smørhamn tek kring 40 minuttar.

– Vi hadde måtte vente minimum tre og ein halv time. Kanskje meir, pluss ferjeturen på 45 minuttar. Når det tek 1,5 timar å køyre rundt, så var det berre å snu når vi såg at ferja la full ifrå, fortel Aasen.

– Ein gong i året

Skipper Jan Kvamme konstaterer at det vart både sirkus om bord, og sirkus på ferjekaien. Sjølv trur han at yrkessjåførane ville kome med på avgangen klokka 1015.

Han har likevel forståing for at dei tre yrkessjåførane tok den lengste turen til Bremangerlandet.

– Førdefjord tek 23 bilar om dei ikkje er for store. Med så mange store bilar så blir det jo langt færre einingar. Det er ikkje ofte slike ting skjer. Det er vel sirkus ein gong i året her, seier Kvamme.

– Dette er Vestlandet

– Dette er Vestlandet i eit nøtteskal. Slik er det når det blir sirkus, humrar Aasen og legg til:

– Eg må innrømme at eg vart litt irritert med det same, men det er eigentleg berre å finne seg i det. Dei har lov til å vere på vegane dei også, og køyrer jo som regel saman.